Avviser å stå bak drap
Mannen som er sikta for drap på ein mann i Haugesund, stiller seg uforståande til siktinga. Det seier forsvararen hans, Stian Kristensen. Den sikta mannen er i alderen 40–50 år og bur på Haugalandet. Han er sterkt prega av siktinga, opplyser Kristensen, som også seier at det er ein relasjon mellom den sikta og den døde. Kristensen vil ikkje seie korleis den relasjonen er.