Hopp til innhold

I live og på plass på Kapittel-festivalen i Stavanger

Ingvar Ambjørnsen har blitt kronisk sjuk, men har stumpa røyken, og skriv på ein ny roman. Nå kjem også ein ny dokumentar om 55-åringen.

Video Dokumentarfilm om Ambjørnsen

Aktuell med ny dokumentarfilm vitjar ein av landets mest folkekjære forfattarar Kapittel-festivalen i Stavanger fredag. (Foto: Ole Andreas Bø)

Han er i live, sjølv om gårsdagens oppslag i Dagbladet kunne tyda på noko anna. I resepsjonen kor NRK møter Ingvar Ambjørnsen seier ei tilsett på hotellet at ho blei litt sjokkert då ho såg han her.

– Du gjorde det? Fordi eg er levande, seier ein humørfull Ambjørnsen tilbake og ler.

Har kols

Men det er likevel alvor:

– Det er ikkje slik ein kan få inntrykk av, at eg ligg og er dødane, men eg har fått kols. Ganske heftig også.

Dermed har livet til den folkekjære forfattaren gått inn i ein ny fase. Eit liv som er tema i dokumentarfilmen «Hvit nigger» som skal bli vist på NRK i oktober.

Her ser 55-åringen tilbake på 30 år som forfattar. Alltid på skuggesida og alltid i medias søkelys. Eit av klippa i dokumentaren syner mellom anna ein ung Ambjørnsen som snakkar om cannabis med Dan Børge Akerø.

Ein ung Ingvar Ambjørnsen

Ein ung Ingvar Ambjørnsen snakkar om cannabis med Dan Børge Akerø i eit NRK-program. Dette er del av den nye dokumentarfilmen om forfattaren 'Hvit Nigger'.

Foto: NRK

Syklar på ergometersykkel

– Det har ikkje vore avstand mellom meg og stoffet mitt. Det finst forfattarar som ikkje viser seg i det heile og føretrekkjer det. Eg har ikkje hatt det valet, seier han.

Han er allereie godt i gang med sin neste roman som handlar om ein mann som vandrar i skogane. Sjølv har han stumpa røyken og byrja å trena:

– Eg sit å trakkar på ergometersykkel. Så sit eg og ser på dei store sykkelritta som Tour de France og syklar saman med gutane. Det er kult, seier Ambjørnsen medan han flirer.

Dokumentarfilmen blir vist på NRK 1 15. oktober.

Meir frå Kapittel-festivalen i Stavanger

I tillegg til Ambjørnsen er det fleire store namn på plass under litteraturfestivalen Kapittel i Stavanger.

Ein av desse er teikneserieskaparen og journalisten Joe Sacco (sjå video under).

Temaet for årets festival er trass.

Video Tegneseriestriper fra krigens terror

Teikneseriestriper frå krigens terror. Amerikanaren Joe Sacco brukar teikneserie som metode når han rapporterer frå Bosnia, Gaza og Vestbredden. (Foto: Thomas Ystrøm)