Påskekrim og spenning i NRK TV

1. Mirakelet

– Italiensk, morbid påskemysterium av beste sort (Christoffer Pahle, Dagbladet)

Spesialstyrkane finn først mafiasjefen. Så oppdagar dei ein figur av Jomfru Maria. Figuren gret blod.


Den italienske hærsjefen kallar inn statsministeren og prøver å forklare det uforklarlege.

2. Nedgravde hemmeligheter

Det er berre restar igjen av jenta. Kven var ho, og kven drap henne?

«Cold-case»-etterforskarane Cassie og Sunny tek saka.

Krypende spenning i beste britiske tradisjon

3. Besett av ein seriemordar

Korleis vart Englands farlegaste seriemordar i nyare tid fanga? Etterforskar Colin Sutton ga aldri opp. Denne krimserien er basert på memoarane hans.

4. Vera

Ei brutal knivstikking, ei drukna kvinne, ein sakna person og ein «cold case» med ei ubehageleg overrasking. Vera er tilbake i fire totimars episodar med deilig, britisk krim. 

5. Gladbeck

I løpet av 54 timar blir eit mislukka bankran til eit nervepirrande gisseldrama og eit sjokkerande mediesirkus.


Gladbeck er ei dramatisering av verkelege hendingar - omtalt som «den mørkaste stunda i tysk journalistikk sidan 2. verdskrig».

Den mest spennende krimserien du ser i 2019

6. Innesperret - to sesongar

Klaustrobisk islandsk krim med internasjonal suksess:

– Intelligent, glorious, and don’t watch it without gloves. (The Guardian)

7. Informer

Thriller: Raza blir motvillig rekruttert som informant for det britiske antiterrorpolitiet.

8. Tunnelen

Ein empatisk, engelsk politimann og ei fransk politikvinne utan sosiale antenner må løyse makabre drapsgåter saman. Basert på suksess-serien «Broen».

9. Rød snø - klassikar frå arkivet

November, krigsåret 1942: Stemninga på det svenske pensjonatet blir stadig meir klaustrofobisk. Kven er venn og kven er fiende?

Sjå seriane i NRK TV.

Sjå også: Høydepunkter på NRK i påsken