Hopp til innhold
Info fra NRK

Symesterskapet sesong 4 (1:16)

Premiere i veke 35 på NRK1, med sending tysdag og onsdag kl. 20.15. Resten av sendeperioden er det sending onsdagar og torsdagar kl. 19.45.

Ti dyktige amatørsyarar står klare for ein ny og særleg utfordrande sesong av Symesterskapet. Denne gongen er gjenbruk tema.

Årets deltakarar med programleiar Christine Hope, og dommarar Jenny Skavlan og Andreas Feet.

Årets deltakarar med programleiar Christine Hope, og dommarar Jenny Skavlan og Andreas Feet.

Foto: Eivind Senneset / NRK

Deltakarane skal konkurrera i å skapa nye og trendy plagg sydd av gamle klede og gjenbrukstekstilar.

Gjennom to episodar i veka blir deltakarane testa i oppgåver som krev saumferdigheiter på toppnivå, hurtigheit og ikkje minst kreativitet. Dei får oppgåver der dei må sy nøyaktig etter eit ukjent mønster og dei må redesigne plagg etter eige hovud.

I denne sesongen er den store og avgjerande oppgåva kvar veke å sy til ein heilt ekte kunde. Men blir kunden fornøgd, og er det i det heile tatt mogeleg å lage glamorøse festkjolar, kult stagewear eller brukbare turklede av gjenbruksmateriale?

Kvar veke sender dommarane ein syar heim, men kunden har også makt. Den deltakaren som syr det plagget kunden vil ha, blir freda og får vere med i Symesterskapet ei veke til.

Dommar Andreas Feet, programleiar Christine Hope og ny dommar denne sesongen, Jenny Skavlan.

Dommar Andreas Feet, programleiar Christine Hope og ny dommar denne sesongen, Jenny Skavlan.

Foto: Eivind Senneset / NRK

Ny dommar
Designar, programleiar og skodespelar Jenny Skavlan blir ny hovuddommar saman med Andreas Feet denne sesongen. Jenny Skavlan er ei av landets fremste innan gjenbruk og berekraftig mote. Ho har i ei årrekke delt idéar om korleis ein sjølv kan lage aktuelle kreasjonar av gamle klede til eit stort publikum på Instagram og eigen blogg.

Andreas Feet har solid erfaring frå det vidgjetne skreddarstrøket Savile Row i London. Nå er han tilbake i heimbyen Bergen for å starta nye prosjekt innan berekraftig herremote. Programleiar for serien er også denne sesongen komikar og skodespelar Christine Hope, ho vann Komiprisen i 2017 med sitt show «Hope skulder kne og tå».

Deltakarane

Amalie Driveklepp

Amalie Driveklepp

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

AMALIE DRIVEKLEPP (16)

Amalie er Symesterskapets yngste deltakar nokon sinne. Ho er berre 16 år, men ho er ein syar mange kjenner til allereie. Til skuleballet i 9.klasse sto ho opp mot kjøpepresset, og designa og sydde seg ein kjole av Ikea-posar. Det skapte merksemd frå heile landet. Til årets skuleball har ho brukt chips-posar som materiale til den sjølvsydde kjolen. Amalie er ein kreativ syar. Ho er mest vand med å klekke ut eigne idear og syr helst ikkje etter mønster. Amalie har også drive med turn i mange år. Kanskje blir den unge idrettsutøvaren si evne til å fokusere på arbeidsoppgåvene ein god ting å ha med inn i konkurransen?

Aiwei Su

Aiwei Su

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

AIWEI SU (31)

  • Sivilingeniør og cosplayar
  • Fødd i Beijing bur i Oslo
  • Instagram: @suaiwei

Hadde Aiwei tatt på seg plagga han syr hadde du ikkje kjent han igjen. På jobben konstruerer den sindige sivilingeniøren flytande installasjonar, på fritida konstruerer, syr og nærmest skulpturer han svært avanserte filmkostymer. Nå jobbar han med kostymet til Captain America, ein karakter frå Marvel-universet.

Interessa for å sy starta i ungdomsåra da han skulle på premiere på ein Star wars-film og trong eit kostyme. Han tenkte, kor vanskeleg kan det vere, og så sydde han sitt eige kostyme. Aiwei har kanskje ikkje så mykje erfaring med tradisjonell sying, men desto meir erfaring med vanskelege stoff som spandex, cordura, foam og neopren, og han lagar mønster sjølv til alt han syr.

Svanhild Kaasa

Svanhild Kaasa

Foto: Eivind Senneset / NRK

SVANHILD KAASA (65)

  • Frisk turbopensjonist med lang syerfaring
  • Frå Trøndelag bur i Oslo
  • Instagram: @sysvanhild

Svanhild lærte å sy som barn og har sydd mykje i ungdommen. Ho syr både klede av nye stoff og syr om plagg. Ho har et godt blikk for design, og likar å gjere ting skikkeleg. I mange år sto symaskina i ro, med barn og leiarjobb vart det ikkje så mykje tid til syinga. Då ho blei pensjonist kom tida tilbake, og Svanhild veit å bruke den. Nå brukar ho tid på alle interessene sine, og saum og design er heldigvis ein av dei.

Rebekka Slettebø

Rebekka Slettebø

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

REBEKKA SLETTEBØ (24)

  • Sosionom, truseklippar og kjoleekspert
  • Frå Nærbø på Jæren
  • Instagram: @rebekkasletteboe

Rebekka har sydd sidan ho var 9 år, men interessa for å sy starta for alvor i tenåra da ho ønskte seg tangatruser. Da ho ikkje fekk lov av foreldra å kjøpa det, laga ho sine eigne. Rebekka er kanskje sesongens kjoleekspert. Da ho gifta seg brukte ho ikkje mindre enn tre eigensydde brudekjolar i bryllaupet. Rebekka er akkurat ferdig utdanna sosionom, og ho kan godt tenke seg å bruke syinga i jobben. I studietida starta ho nemleg et prosjekt i Kambodsja der jenter lærer å sy klesplagg dei kan selje og slik skape seg eit livsgrunnlag.

Maria Hayek

Maria Hayek

Foto: Eivind Senneset / NRK

MARIA HAYEK (36)

  • Ingeniør som satsa på stoff etter oljekrisa
  • Frå Jordan, bur i Asker.
  • Instagram: @hayek.m83

Maria er utdanna elektroingeniør. Ho er ein verdsborgar som snakkar fire språk flytande, har røter frå Ukraina og Jordan, og vaks opp i Egypt. I mange år jobba ho offshore i oljebransjen, men da krisa kom var ho ei av dei som mista jobben. I 2014 arva Maria ei symaskin, og den brukte ho til å sy gardiner. Det var starten på det som kanskje kan bli eit nytt levebrød for Maria. Ho vart biten av sybasillen og nå satsar ho på utdanning innan saum, og på å selje stoff på nett.

Kristin Vaag

Kristin Vaag

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

KRISTIN VAAG ( 29)

  • Ny-syar med godt blikk for design.
  • Frå Trondheim bur i Oslo
  • Instagram: @vaag.oslo

Hausten 2017 fekk Kristin ei symaskin og sidan då har ho sydd nesten kvar dag. Ho syr både med og utan mønster, i nye og brukte stoff. Kristin har et godt blikk for design, og lagar også eigne mønster. Fram til symaskina dukka opp hadde jobben tatt stor plass i livet hennar, men etter kvart blei interessa for å sy såpass viktig at ho faktisk sa opp jobben for å vere med i Symesterskapet.

Morten Wanvik

Morten Wanvik

Foto: Eivind Senneset / NRK

MORTEN WANVIK (49)

  • Fotograf som syr eigne turklede.
  • Frå Bergen
  • Instagram: @symaskinene

Morten jobbar som fotograf og inntil for 4 år sidan så hadde det ikkje streifa han at sying skulle bli den store lidenskapen. Men ein laurdag lurte kona på om han ville vere med innom ein stoffbutikk, og mens han tråkka rundt og venta blei han og sonen nysgjerrige. «Trur du me kan klara å laga ein slik genser?» Stoff og mønster blei kjøpt inn og slik blei sy-gnisten tent. Ein periode var Morten innom Youtube i smug og kikka på sy-videoar, men no har han full maskinpark og syr både kjolar, eige treningstøy og turutstyr i Gore-Tex. Morten er ein feinschmecker som liker smarte detaljar og godt sydde plagg.

Barbro Johnsen

Barbro Johnsen

Foto: Eivind Senneset / NRK

BARBRO JOHNSEN (39)

  • Engasjert yoga-syar
  • Frå Senja
  • Instagram: @byvjoh

Barbro er ei familiekjær og engasjert dame. Ho er mor til tre barn og bonusmor til tre. Ho er engasjert i bygdelaget og den lokale ungdomsklubben i tillegg til jobb. Ho har ingen problem med å fylle dagane, likevel skaffar ho seg tid til å sy litt nesten kvar dag. Barbro lærte å sy av mora da ho var lita, og har drive med hobbyen gjennom heile livet. Barbro er utdanna fysioterapeut og yogainstruktør, og driv eige firma på Senja.

Karina Daniela Sørbø

Karina Daniela Sørbø

Foto: Eivind Senneset / NRK

KARINA DANIELA SØRBØ (30)

Karina er sesongens ferskaste syar. Ho har berre sydd i vel ett år, men ho har sydd mykje! Karina lever eit travelt liv med mann, barn og ein krevjande jobb, så når ho syr så likar ho at det går fort. Mannen kallar henne «sinnasyer» fordi det kvin i svingane når ho heldt på. Karina syr fordi ho vil ha kule kler som passar. Etter at ho blei mor var liksom ikkje kroppen heilt slik den var tidlegare.

Karina er eit fyrverkeri av ei dame som taklar stress og å vere kreativ under press betre enn dei aller fleste.

Maria Kvaløy Kirste
Foto: Eivind Senneset / NRK

MARIA KVALØY KIRSTE (27)

  • Student og shoppestoppar
  • Frå Trondheim bur i Oslo
  • Instagram: @mariakkirste

Maria K. er og blant dei ferskaste syarane denne sesongen. Ho kjøpte seg symaskin for 3-4 år sidan og begynte å sy for fullt. Nyttårsforsettet hennar for 2017 var å ikkje kjøpe klede heile året, men å sy det ho trengte. Maria prøver å vere bevisst på forbruk, og når ho syr sjølv ser ho kor mykje jobb det faktisk ligg i kvar plagg.