Hopp til innhold
Info fra NRK

Herleg humor og prisvinnande drama: Slik blir NRK-hausten

Kevin Vågenes i 17 roller, nye musikalske mysterium i Maskorama og ein allereie prisbelønna dramaserie om Noregs mektigaste lege. Hausten på NRK er full av overraskingar og nokre gamle favorittar.

Kathrine Thorborg Johansen i rollen som Gro Harlem Brundtland i serien "Makta"

Kathrine Thorborg Johansen speler Gro Harlem Brundtland i Makta. Serien gjekk rett heim på Canneseries og fekk både prisen for beste drama og beste musikk. Dette er norsk historie slik du aldri har sett det før!

Foto: Erika Hebbert, Motlys/Novemberfilm / NRK

Eg er stolt over menyen NRK byr på denne hausten. Dette blir eit halvår fylt av god underhaldning, spennande drama og viktige samfunnsmessige hendingar som kommunestyre- og fylkestingsvalet. I NRK kjenner vi alltid litt ekstra på oppgåva med å skulle sette folk i stand til å delta i demokratiet, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen, før ho held fram:

Samtidig skal vi le av det som er både jubileum og siste sesong av Side om side, få skråblikk på nyheitsbildet med ny fast paneldeltakar i Nytt på nytt og ikkje minst heie fram fantastiske songarar når Stjernekamp endeleg er tilbake. Vi markerer også folkemusikkens år ved å sende ein heilt ny TV-serie som følger fem unge folkemusikk-utøvarar. Det er berre å glede seg, seier kringkastingssjef Haugen.

Humor

Hva skjedde med Solveig? En etterforsker holder et portrettbilde av Kevin Vågenes i rollen som Solveig i mellom hendene.

Har du ledd av Parterapi har du mykje å glede deg til: Hva skjedde med Solveig er Kevin Vågenes’ splitter nye serie.

Foto: Seefood/NRK

Hva skjedde med Solveig?

Hva skjedde med Solveig er ein dokukrim-komedie med Kevin Vågenes i heile 17 roller. Serien følgjer eit journalistteam som etterforskar det mystiske dødsfallet til Solveig Lyngåsen. Den populære bloggaren Solveig blir angripe og dytta utfor ei klippe under ein skogstur, og mistanken fell på Ole Glen, ein notorisk kriminell. Men utan bevis, blir saka lagd bort. Kven elles i bygda hadde motiv for å drepe Solveig?

Serien byr på humor og spenning med komiske rekonstruksjonar og absurde intervju.

  • Premiere fredag 18. august
  • Kontakt: Janina Mosti
Tre venner sitter ved et bord på kafé i serien Hybris. De smiler og det er god stemning.

Hybris er ein nyskapande dramakomedie frå NRK P3.

Foto: NRK

Hybris

Kor mykje er du villig til å lyge for at folk skal oppfatte deg som eit godt menneske? I krim-humorserien Hybris møter vi Marius og vennene hans på jakt etter sanninga om ein fatal kveld – dei må nøste opp kva som eigentleg skjedde, og hemmelegheit etter hemmelegheit blir avslørt.

Programlederne for Vettskremt: Erik Solbakken og Anniken Momrak

Erik Solbakken og Annika Momrak skal skremme vettet av kjendisar i haust.

Foto: Stian Gregersen / NRK

Vettskremt

I løpet av seks episodar skal programleiarane Erik Solbakken og Annika Momrak gjere sitt beste for å skremme deltakarane, samtidig som dei sjekkar kven som får høgast utslag på pulsen. Deltakarane som er dårlegast til å behalde roa, må forlate huset i tur og orden, heilt til berre den sindigaste kjendisen står igjen som vinnar av Vettskremt.

  • Premiere i september
  • Kontakt: Linda Reistad
Charlotte Frogner, Jakob Schøyen Andersen og Henrik Mestad i "Dummedag"

Eit stjernelag av skodespelarar skaper komikken i Dummedag. Charlotte Frogner, Jakob Schøyen Andersen og Henrik Mestad speler i serien der eit virus gjer folk dumme.

Foto: Lars Olav Dybvig, Seefood/NRK

Dummedag

Dummedag er ein postapokalyptisk, dramatisk komedie. Når eit nytt virus muterer og skaper ein dødeleg pandemi, blir seks framande tvinga til å jobbe saman for å redde verda frå eit virus som gjer folk dumme. Vil dei overleve? Og kan desse seks personane verkeleg vere framtida til menneskeslekta?

I rollene møter vi Jakob Schøyen Andersen, Henrik Mestad, Charlotte Frogner, Cengiz Al, Kristine Grændsen og Elli Mulmer Osborne.

  • Premiere i november
  • Kontakt: Vetle Nielsen
Nicolay Ramm isbader i "Helt Ramme sporter 2"

I Helt Ramme sporter blir det nok ein gong grenselaust sprøtt, og ikkje heilt smertefritt heller!

Foto: NRK

Helt Ramme sporter, sesong 2

Helt Ramme sporter er tilbake med nye, heilsprø idrettar frå heile verda! Denne sesongen har Nicolay Ramm drege med seg dei modige kjendisane Mikkel Niva, Christina Vukicevic, Oskar Westerlin og Cengiz Al ut på eventyr for å konkurrere i nokre av dei raraste sportane på kloden. Det blir gloheitt, iskaldt, vondt... og farleg!

  • Premiere fredag 27. oktober
  • Kontakt: Vetle Nielsen
Programleder Martin Lepperød står foran en love og et vann, med hendene i kryss. Han smiler lurt i kameraet og har på svart caps med tittelen "Førstemann" på.

Komikar Martin Lepperød er sjefen på garden når Førstemann går av stabelen. Det gjeld å vere best til å vere først.

Foto: Tom Øverli

Førstemann

Martin Lepperød er programleiar for Førstemann, ein leiken konkurransereality. På ein idyllisk gard bur og lever seks komikarar, samtidig som dei konkurrer om å vere best til å vere først.

  • Premiere i november
  • Kontakt: Lene Mykjåland

Gjengen fra Side om side sitter i en trapp

Kjært gjensyn: I haust blir det siste gongen med gjengen på Granli.

Foto: Julia Marie Naglestad, NRK

Side om side, siste sesong

Siste sesong av sjåarfavoritten Side om side vil skildre det etter kvart så kjende nabolaget på Granli. Livet går vidare, og bebuarane i nabolaget held fram med å rote det til for seg sjølv og andre.

Etter 10 sesongar og totalt 100 episodar blir den siste sesongen eit verdig punktum for historia om venner, fiendar og familiar – med store dosar forviklingar og kjærleik.

  • Premiere laurdag 26. august
  • Kontakt: Janina Mosti
The Flatshare SE 1 - Generics

Høg husleige og dårleg råd: I Flatshare finn Tiffany og Leon ut at det meste kan delast – dei jobbar alltid på forskjellige tidspunkt.

Foto: Paramount

The Flatshare

Tiffany og Leon er to framande som begge har låg lønn og dårleg råd. Leigeprisane i London er høge. Dei kjem på den geniale idéen om å dele kostnadene ved å dele seng! Den eine jobbar dagtid, mens den andre jobbar om natta. Dei har aldri møtt kvarandre, og viss alt går som planlagt, vil dei aldri gjere det heller. Men snart begynner paret å leggje igjen post-it-lappar til kvarandre, og dei blir dregne inn i dei rotete, komplekse liva til kvarandre.

  • Premiere i september
  • Kontakt: Janina Mosti

Drama

Makta

I Makta blir Arbeiderpartiet skildra frå innsida - slik det kanskje var. I rolla som Brundtland møter vi Kathrine Thorborg Johansen, mens Jan Gunnar Røise speler Reiulf Steen.

Foto: Erika Hebbert, Motlys/Novemberfilm / NRK

Makta

Året er 1974, men vi er likevel i Oslo anno 2023. Arbeidarpartiet er i krise. Partiet blir riven i stykke av ein konflikt mellom partileiar Reiulf Steen og statsminister Odvar Nordli. Alkoholen flyt, lekkasjane likeså. Samtidig blir den sosialt engasjerte legen Gro Harlem Brundtland vikla inn i det politiske maktspelet. Ho blir etter kvart ein meisterleg spelar og utmanøvrerer motstandarane sine. I 1981 blir ho Noregs første kvinnelege statsminister.

Tidlegare i vår vann Makta pris for blant anna beste drama på prestisjetunge Canneseries. I hovudrollene møter vi mellom anna: Kathrine Thorborg Johansen, Jan Gunnar Røise, Anders Baasmo, Øyvind Brandtzæg, Trond Espen Seim, Manish Sharma og Nader Khademi.

  • Premiere i oktober
  • Kontakt: Heidi Gjestad Frogg

Bilde fra serien Norsk-ish. Til høyre i bildet ser man karakteren Amrit holde holde rundt Helin, som har hodet på skulderen hans. Til venstre står karakteren Fariba vendt mot dem. Det er trist og alvorlig stemning, på en parkeringsplass.

Sesong ein fekk strålande kritikkar i 2020: No kjem endeleg sesong 2 av Norsk-ish. Nasrin Khusrawi (t.v), Ravdeep Singh Bajwa og Selda Ekiz har hovudrollene.

Foto: NRK

Norsk-ish 2

Det har gått to år sidan Fariba, Amrit og Helin stod i den etter kvart velkjende identitetsspagaten mellom to kulturar i den kritikarroste sjåarsuksessen Norsk-ish. Vennskap, familierelasjonar og kjærleiksforhold står framleis i sentrum når serien no er tilbake med ein sesong 2. Fariba, Helin og Amrit er opptekne på kvar sin kant, heilt til ein stor tragedie i livet til Helin samlar gjengen igjen.

  • Premiere i september
  • Kontakt: Linda Reistad


VGS 2

Tre VGS-elever ligger henslengt foran en skaprekke.

Vennskap, konflikter og russetid: Til hausten kjem det ein ny sesong av VGS.

Foto: Espen Solli

I haust ventar 26 nye episodar med Jakob, Amir, Lara, Amalie, Mathias og dei andre i VGS-serien. Det blir meir drama, mykje humor og litt mørkare konfliktar. Revy, sex, rasisme, psykisk helse og kjærleik er nokre av stikkorda for gjengen på Eikebro.

Premiere: 1. september
Kontakt: Heidi Gjestad Frogg

Malpractice, Dr. Lucinda Edwards

Ein pasient døde. Har Dr. Lucinda Edwards eit liv på samvitet? Eller er nokon ute etter henne? Malpractice sit vi på nåler til siste slutt

Foto: ITV

Malpractice

Den respekterte Dr. Lucinda Edwards mister ein pasient på grunn av ein overdose. Det blir det sett i gang ei etterforsking som granskar åtferda hennar den natta. Var hendinga uunngåeleg? Malpractice er ein britisk spenningsthriller om ein lege fanga i ein konspirasjon.

  • Premiere tysdag 14. august
  • Kontakt: Janina Mosti

Liv Lisa Fries i "Babylon Berlin"

I haust kjem fjerde og siste sesong av sjåarsuksessen og kvalitetsdramaet Babylon Berlin.

Foto: Frederic Batie, BetaFilm

Babylon Berlin, siste sesong

Fjerde og siste sesong av den tyske suksess-serien Babylon Berlin kjem på NRK i haust. Denne sesongen går føre seg i 1930-talets Berlin, like etter at dei glade 20-åra kulminerte i det globale børskrakket og den store depresjonen – og marsjen til nazistane mot makta er i full gang.

  • Premiere i løpet av hausten
  • Kontakt: Janina Mosti
To jenter fra serien Lik meg

Nytt skuleår og ny sesong av Lik meg – for siste gong. Lik meg har følgt 06-generasjonen gjennom dei vakre og vanskelege åra frå barn til ungdom.

Foto: NRK

Lik meg, siste sesong

Lik meg har følgt 06-kullet frå slutten av barneskulen. No begynner dei straks på vidaregåande. Framtida er uoversiktleg og skremmande, og barndommen kjennest veldig lenge sidan. Russetida, framtida, kjærleiken og vennskapane – alt står på spel samtidig, og midt oppe i dette skal dei ta omsyn til skulearbeid, familien, ei kaotisk verd og aller mest: seg sjølv i stormande utvikling.

  • Premiere i november
  • Kontakt: Heidi Gjestad Frogg

Kultur

Mikkel Niva er programleder for Portrettmesterskapet 2023

Mikkel Niva er programleiar for Portrettmesterskapet.

Foto: Nordisk Banijay, NRK

Portrettmesterskapet

I Portrettmesterskapet skal ei mangfaldig gruppe med kunstnarar, både sjølvlærte og profesjonelle, portrettere kjende profilar. På berre fire timar skal kunstnarane skape eit best mogleg portrett av modellen sin.

Kanskje klarer dei å framstille nye sider ved ansikta vi allereie kjenner så godt – anten dei bruker akryl, olje, kolstift eller sprayboks. Til slutt vil det stå igjen ein person som er vinnaren av Portrettmesterskapet 2023. Programleiar er Mikkel Niva.

  • Premiere torsdag 14. september
  • Kontakt: Nan Kristin Myhre

Knut Buen og Mattias Thendes med hver sin fele i fanget.

Arven blir du kjend med både nye og gamle utøvarar av norsk folkemusikk – som vi feirar spesielt i år. Her ser vi Mattias Thendes og Knut Buen.

Foto: Nils Petter Lotherington, NRK

Arven: Historien om norsk folkemusikk

Her blir vi kjende med mystikk, tradisjon, rebellar og suksessar i den overraskande og mangslungne folkemusikk-historia. Norsk folkemusikk har aldri engasjert fleire unge utøvarar enn akkurat no. Titusenvis speler rundt i Noreg, og kvart år reiser hundrevis av håpefulle til kappleik for å kjempe om prisar i spel, song og dans. NRK har følgt fem unge utøvarar som drøymer om å vinne prisar, føre den sårbare tradisjonen vidare og å finne ein leveveg.

Dokumentar

Lars Lenth og Bård Tufte Johansen ved Meltefjorden på Sørøya.

Klarer dei to fiskegalne karane å få storkveita på stonga, eller har dei eigentleg nok med å berre overleve i villmarka? I Jakten på Monsterkveita blir Bård Tufte Johansen og Lars Lenth sett på prøve.

Foto: Ulrik Kramer, NRK

Jakten på monsterkveita

Bård Tufte Johansen og fiskekompis Lars Lenth buset seg i ein aude fjord på Sørøya i Finnmark for å realisere ein gammal draum: Å få ei kveite på over hundre kilo på kroken. Dei har ein romantisk idé om at dei vil leve av det dei fangar og sankar i havet og på land, men gradvis skjønner dei to bygutane at dei har overvurdert eigne evner – både til å leve eit enkelt liv i pakt med naturen, og til å overliste monsterkveita.

  • Premiere fredag 1. september
  • Kontakt: Nan Kristin Myhre

Tore Strømøy. I bakgrunnen ser man fly.

Tore Strømøy reiser til Filippane for å prøve å hjelpe «Bamsegutt», ein nordmann som ikkje kjem seg heim til Noreg.

Foto: Kjetil Nesgård, NRK

Bamsegutt

Tore Strømøy jobbar igjen med ei sak om dei svakaste i samfunnet. Eit rop om hjelp frå Søraust-Asia fører han til møte med NAV, utanriksteneste og barnevern. Kvifor ingen vil hjelpe mannen som blir kalla Bamsegutt heim til Noreg? Det skal vise seg at saka blir den tyngste Tore nokon gong har jobba med.

  • Premiere i november
  • Kontakt: Nan Kristin Myhre

Tandemeventyret.

Sterkare saman: Tandemeventyret tek oss med på ein spektakulær tur frå sør til nord i landet.

Foto: Teddy TV/NRK

Tandemeventyret

Ti deltakarar med ulike funksjonsutfordringar syklar frå Lindesnes til Nordkapp på doble tandemsyklar. Prosjektet Tandemeventyret starta som ein vill idé, men endar opp som ei unik og inspirerande reise. Gjennom 2500 kilometer med spektakulær natur og både fysiske og mentale utfordringar, opplever deltakarane samhald og meistring. TV-teamet fekk vere med for å dokumentere reisa, men gruppa har sjølv organisert turen, og ingenting av det som skjer er regissert.

  • Premiere i september
  • Kontakt: Helene Amlie

Familien Adampour

Forskjellige, men like fullt ein familie med nære band: Det blir gjensyn med kvinnene i Familien Adampour til hausten.

Foto: Monster/NRK

Familien Adampour, sesong 2

Familien Adampour er tilbake med ny sesong. Dei fire søstrene Lina, Mina, Diana og Sofia er suksessrike på kvar sin kant, men slit med forholdet seg imellom. Kan familieterapi bli ein siste utveg? Lina som trur ho er godt gift med Aqueel, viser seg å kanskje ikkje vere det likevel. Og Diana ber på ein løyndom ho gruer seg til å dele.

Noman Mubashir

Kva skaper hat mot folk som meg, spør Noman Mubashir i den nye personlege dokumentarserien hans.

Foto: Robert Rønning / Robert Rønning / NRK

Ny dokumentarserie med Noman Mubashir

I ein personleg dokumentarserie utforskar Noman Mubashir hat-kjensla i Noreg i 2023. Med utgangspunkt i si eiga historie som trippelminoritet (norsk-pakistanar, homofil og muslim) ser han nærare på korleis ulike minoritetar får hets og hat, og kva det gjer med oss. Er det sider ved samfunnsdebatten i dag som gir auka grobotn for hat? Korleis kan vi i så fall jobbe mot det? I serien går Noman ut av rolla som journalist og inn i det som blir ein reise ut av komfortsona og inn i det mest sårbare, nemleg å skulle stå trygt i kven ein er.

For barn

Fra serien Husky: To barn foran en mørk gardin. Halvnært utsnitt.

Familieserien Husky byr på iskald spenning frå vidda. Når hundesmuglarane raidar garden, er det ungane som må ordne opp! I rolla som Jovnna møter vi Leon Valio og Sara Labba som Elle.

Foto: NRK

Husky

På garden «Husky Adventure» i Karasjok lever Elle og mor Line av hundespannturisme – eit fredeleg liv i det iskalde landskapet. Brått blir kvardagen snudd på hovudet. Ein gjeng brutale hundesmuglarar bryt seg inn i hundegarden og ranar med seg nesten alle hundane. Elle og mora er i sjokk. Kva skal skje med garden no?

I ei verd der dei vaksne ikkje er til å stole på, tek Elle og vennene Aslat og Jovnna opp jakta på hundesmuglarane og viklar seg inn i eit kaos av intrigar, løgn, vondskap og bedrageri. Husky er ein spenningsserie for heile familien.

  • Premiere i oktober
  • Kontakt: Heidi Gjestad Frogg

Martin synger årets BlimE!-låt. Drøm stort, lek fritt og svev høyt!

Martin synger årets BlimE!-låt. Drøm stort, lek fritt og svev høyt!

BlimE!

I år er BlimE-dagen fredag 22. september. Martin Lilleberg syng årets BlimE-låt, «Sveve høyt». Låten inspirerer til fellesskap, draumar og dans. Den handlar om at alle personar tel og betyr noko. Sjå etter det fine rundt deg, i andre og i deg sjølv. Det du ser etter, finn du. Drøym stort, leik fritt og svev høgt! Med årets BlimE-låt er målet at kvar og ein forstår kor viktige dei er. Alle kan bidra på sin måte med det dei kan, og til saman kan ein få til alt.

  • Kontakt: Heidi Gjestad Frogg

Morten og hunden Saft på trehjuls-motorsykkel.

Morten og Saft skal suse avgarde i haust i fartsfylte Maks gass.

Foto: Babang Deshommes / NRK

Maks gass

Morten og Saft er tilbake på vegen med ein rykande fersk og gummisvidd sesong av Maks gass! Gjennom fem episodar besøker Morten råbarske jenter og gutar som er superproffe i kvar si motorgrein. Morten hamnar fort på djupt vatn eller to hjul i eit forsøk på å halde tritt med barna, medan Saft bruker tida på å finne på heilt nye rampestrekar. Fest bilbeltet, og bli med på ei reise med Noregs tøffaste barne-TV!

Labyrint

Daidalos har igjen utfordra barn til å konkurrere mot han i Labyrintverden, og over 13 000 barn frå heile landet melde seg! Åtte lag får møte sin store erkefiende, robotane hans og hans like kamplystne søster Daidalosa. Vil barna sigre, eller blir dei slima ut av Labyrinten?

  • Premiere i oktober
  • Kontakt: Heidi Gjestad Frogg

Kommune- og fylkesvalet 2023

Måndag 11. september er det kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg. NRK arrangerer valsendingar frå dei største byane våre og inviterer gjester og publikum inn i studio gjennom heile valkampen.

Partileiarane skal også i elden sjølv om dette er eit lokalval. NRK opnar i Arendal med alle toppane til stades, før valkampen blir avrunda i Stavanger med appellar og valkamp-innspurt. I Tromsø skal publikum spele hovudrolla når NRK inviterer til folkemøte der politikarane må svare veljarane på direkten.

Valomat og lokalvalguide

Som vanleg kan veljarane også få hjelp til å finne ut av kva parti dei burde stemme på med NRKs valomat. Nytt av året er at NRK også lanserer lokalvalguiden. Dette er ei heilt ny teneste som består av i alt 357 ulike guidar - ein for kvar kommune. Her vil veljarar kunne lese seg opp på sin eigen kommune og sjå kva saker som er mest aktuelle på deira heimstad.

Kontakt: Vetle Nielsen

Historier og underhaldning rett i øyret

Til hausten kjem det også ei rekke nye podkastar, og dei gode lyttaropplevingane står i kø. Her er nokre av historiene du kan høyre:

Hele historien: Grottefesten
Illustrasjon for podkasten Grottefestem
Illustrasjon: Morten Quist Hommersand / NRK

Ein gutegjeng som kallar seg Direktoratet for rusmisbrukere bryt seg inn i eit avstengt bomberom i Oslo for å arrangere eit raveparty midt under pandemien. 22 år gamle Magnus blir med på festen i siste liten. Han veit ikkje at to straumaggregat er plasserte i grotta. Dei produserer dødeleg kolosgass. Ein etter ein svimar av, og hundrevis av festdeltakarar er sette i livsfare.

Kvalrossen Freya kikkar opp
Grafikk: Magnus Lunde Engen / NRK

Hele historien: Hvalrossen Freya

14. august vart ein 600 kilos kjendis skoten i Frognerkilen i Oslo. Nokre hektiske månader i søkelyset til media enda tragisk for kvalrossen Freya. Frå ho vart oppdaga på Østfoldkysten i april, var ho stadig i rampelyset. Ho gnog sund gummibåtar, begeistra badegjester og drap svaner. Då ho vart avliva, gjekk nyheita verda rundt i sommarstille nyheitsredaksjonar. Mange rasa mot dei som vedtok avlivinga, andre var skuffa over alle dei som oppsøkte Freya og skapte farlege situasjonar.
Premiere: 14. august

Hele historien: Skitbyen

Berit Hafsmo har levd livet sitt rundt fattigdomsgrensa, men er eit optimistisk fyrtårn. Etter årevis med elendig økonomi og endå verre bustader, flyttar ho til Skitbyen, til ein gammal tenestebustad for Trondheims dotømmarar. Her skaper ho ein trygg base for slekt og venner med dårleg råd. Men så kjem varsel om utkasting.

Regissør Ole Martin Hafsmo har laga ein hjartevarm podkastserie om mor si, Berit.

Premiere: 13. september

Radio Utslagsnes

I over 10 år har Rune Nilson introdusert NRKs radiolyttarar for utallige karaktarar og figurar med påstått samiske Jan Olsen og skarvehattgründer Ståle Utslagsnes i spissen. No når Ståle startar sin eigen Radio Utslagsnes, blir heile gjengen samla på ein stad. Alt saman blir administrert av Rune sjølv og publisert som ein eigen podkast i august. Vi lovar ein radiokanal og podkast heilt ulikt noko anna du har høyrt før!
Premiere: 23. august

Kontakt alle podkastar: Pressevakt

Underhaldning

NRKs store underhaldningsflaggskip er tilbake til hausten. Dei første ti laurdagane får vi Stjernekamp, før Maskorama tek over om lag i midten av november.

Christine Dancke i gul silkekjole, ved siden av Kåre Magnus Berg i grå/blå stripete dress. Foran en grå vegg.

STJERNEKAMP: Den 11. sesongen av Stjernekamp får premiere 2. september. Christine Dancke er ny, fast ekspertdommar, mens Kåre Magnus Bergh held fram som programleiar.

Foto: Jonathan Kise, Monster/NRK
Isalill Kolpos, Bård Tufte Johansen og Johan Golden holder rundt hverandre foran Nytt på Nytt-vegg.

NYTT PÅ NYTT: Isalill Kolpus er ny lagleiar når Nytt på nytt er tilbake fredag 8. september.

Foto: Ole Kaland, NRK
Silje Nordnes i Maskorama-finalen 2022

MASKORAMA: Noregs største gjetteleik er endeleg tilbake laurdag 11. november. Også i år har deltakarane to oppgåver: Å imponere deg på scena og halde identiteten sin skjult. Silje Nordnes er programleder, mens detektivpanelet ein godt bevart løyndom.

Foto: Ulrik Kramer, NRK
Anne Lindmo 2022

LINDMO: Anne Lindmo inviterer til fredagsfest med gode historier, aktuelle gjester og den beste norske musikken live. Premiere fredag 15. september.

Foto: Julia Marie Naglestad, NRK
Atle Pettersen i Beat for beat

BEAT FOR BEAT: Fredag 15. september er Atle Pettersen, Trond Nagell-Dahl og Lars Andreas Aspesæter tilbake med Beat for beat.

Foto: Julia Marie Naglestad, NRK

Kontakt:

  • Stjernekamp: Helene Amlie
  • Maskorama: Janina Mosti og Vetle Nielsen
  • Nytt på nytt, Lindmo, Beat for beat: pressevakt@nrk.no

Verdsmeisterskapa i haust

Fotball-VM

F.v: Christian Nilssen (NRK), Pål Gordon Nilsen (Viaplay), Gunnhild Toldnes (Viaplay), Malin Jørnholt (NRK), Andreas Hagen (NRK) og Sigrid Heien Hansen (Viaplay) er noen av profilene som skal jobbe med fotball-VM denne sommeren.

F.v: Christian Nilssen (NRK), Pål Gordon Nilsen (Viaplay), Gunnhild Toldnes (Viaplay), Malin Jørnholt (NRK), Andreas Hagen (NRK) og Sigrid Heien Hansen (Viaplay) er nokre av profilane som skal jobba med fotball-VM denne sommaren.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Dei norske fotballjentene er endå ein gong kvalifiserte til verdsmeisterskapet i fotball. Denne gongen er dei beste landslaga samla i Australia og New Zealand. Hege Riises tropp skal møte Sveits, debutantane Filippinene og vertsnasjonen New Zealand. Med stjernespelarar som Ada Hegerberg, Caroline Graham Hansen og Guro Reiten i stallen, er det forventningar om at Noreg reiser seg etter det skuffande europameisterskapet i fjor.

Denne gongen kan sjåarane følgje VM på NRK og Viaplay. Meisterskapet går føre seg frå 20. juli til 20. august. Noreg er først ut og speler den aller første kampen i meisterskapet – mot New Zealand.

VM i friidrett

Vebjørn Rodal (f.v.), Ida Nysæter Rasch, Jann Post og Christina Vukicevic Demidov

NRK stiller med ei rekkje velkjende ansikt og stemmer i VM i Budapest. Frå venstre: Vebjørn Rodal, Ida Nysæter Rasch, Jann Post og Christina Vukicevic Demidov.

Foto: Sigmund Sagberg Andersen / NRK

Dei beste friidrettsutøvarane i verda tek turen til Budapest for å kjempe om VM-medaljar. Dette er det store målet i år for norske stjerner som Jakob Ingebrigtsen, Karsten Warholm, Karoline Bjerkeli Grøvdal og Eivind Henriksen.

NRK stiller med ein sterk mannskap for å gi sjåarane alle dei store augneblinkane frå meisterskapet. Jann Post, Vebjørn Rodal og Christina Vukicevic Demidov er kommentatorar. Du kan følgje alle dei norske håpa på NRK1 og på radiokanalen NRK Sport.

VM i friidrett går føre seg frå 19. august til 27. august. Les meir om VM i friidrett på NRK her.

  • Kontakt: Vetle Nielsen

Atterhald: Alle premieredatoar kan bli endra.