Hopp til innhold

Ut i naturen: Minkmannen og ternene

Uke 12 NRK1 tirsdag 17. mars kl 19.45

Minken er ein konstant trussel for ternene i hekketida. Ein enkelt mink kan utrydde ungar og egg i ein heil koloni. Ternene kjem i flokk den lange vegen frå Sørpolen for å hekke på idylliske Smøla. Finn dei småfisk i havet og veret blir bra, kan dei få fram ungar i mange koloniar.

Ut i naturen: Minkmannen og ternene

Olav Inge Edvardsen og terrieren Luna røktar ei minkfelle på Smøla.

Foto: Per Ellevsøy

Minken vart innført som pelsdyr frå Nord-Amerika for snart 90 år sidan. Rømt og frisleppt mink har etablert seg over heile landet. Han er eit mårdyr som vil sanke når maten byr seg. Når han først kjem, gjer han reint bord i reira. Ungar og egg blir øydelagde og ternene må flyge den lange vegen tilbake til Sørpolen utan nytt avkom.

Det finst no ei nasjonal handlingsplan mot mink. Derfor har Fylkesmannen i Møre og Romsdal bede Statens Naturoppsyn om å prøve å fjerne minken i Sør-Smøla landskapsvernområde. Slik kan ein hente erfaring om korleis minken kan fjernast frå norsk natur. Olav Inge Edvardsen har brukt fire år på å finne ut av dette.