Hopp til innhold
Info fra NRK

Ny sesong av «Ukjent arving»

Tarjei Strøm er igjen på jakt etter ukjende etterkommarar og historiene bak i serien «Ukjent arving» på NRK.

I «Ukjent arving» tek Tarjei Strøm oss med på ei spanande jakt etter nokon som kan ta imot ein arv dei ikkje visste om. Det kan dreie seg om ein arv på mange millionar. Tarjei forsøkjer det myndigheitene ikkje har klart; å finne den rettmessige arvingen.

I andre sesong tek leitinga etter arvingar oss til stader og menneske i inn- og utland. Det blir leiting i store mengder papir og dokument. Alt for å finne dei rettmessige arvingane.

Kven var Styrk Vangen Lirhus, kaféverten frå Voss som lét etter seg 15 millionar utan nokon til å arve dei? Kan Tarjei finne nokon som får det store pengebeløpet? Eller Svein Olav som levde store delar av livet sitt på «Emma Hjorts hjem» og ikkje vart nemnd i testamentet til mor si?

Programleiar Tarjei Strøm på Voss framfor dei tidlegare lokala til Vangen Cafe.

Tarjei tek turen til Voss og Vangen Cafe for å nøste opp i trådane.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Slektsforskar Kai-Samuel Vigardt leitar i arkiv, medan Tarjei møter venner og kjende til dei avdøde. Ukjende familiehistorier vert rulla ut. Alt for å finne rettmessige arvingar og for å forstå kven desse menneska var.

Slektsforskar Kai-Samuel Vigardt leitar i arkivet.

Kai-Samuel leiar arbeidet med å gå gjennom arkiv og utallige dokument.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Jakta etter slektningar tek oss mellom anna til Østfold, Voss, Bodø, Ukraina og Tyskland. Her må dei leite i farskapssaker, lukka arkiv og i ein gammal safe som ikkje har vore opna på mange år.

«Ukjent arving» vert sendt søndagar på NRK1 og i NRK TV.

Episode 1: «Jenta uten barndom»

Illustrasjonsbilete: Eit stilbilde av Tatjana er stifta fast på eit bilete av tre jenter i skogen, ei av jentene ligg på bakken.
Foto: NRK

Tatjana frå Lviv i Ukraina var berre ti år då ho vart forlaten i skogen av systrene sine då dei måtte flykte. Ho kom som flyktning til Noreg og budde i Bergen resten av livet. Ho gav aldri opp jakta på systrene og familien, men fann dei aldri. Klarer Tarjei det?

Episode 2: «Sjømannens millioner»

Illustrasjonsbilete: Eit fotografi av Arne over eit bilete av ein sjømann i uniform ved ein bardisk.
Foto: NRK

Kyrkja var tom då Arne frå Oslo vart gravlagd. I dødsannonsen stod det ingen namn, berre «vener». Han som hadde reist verda rundt som sjømann, hadde han verkeleg ingen? Eller finst det nokon som kan arve millionane etter han?

Episode 3: «Kafévertens formue»

Illustrasjonsfoto: Portrettbilete av Styrk Vangen Lindhave, på biletet bak ser ein dei gamle lokala til Vangen Cafe.
Foto: NRK

Kafeen Vangen på Voss er og var ein institusjon. Styrk var kaféverten som kjende alle - og alle kjende han. Men då Styrk fekk slag og mista taleevna, fekk han aldri sagt kven som skulle arve han. Ein arv på svimlande femten millionar kroner. Klarer Tarjei og Kai-Samuel å finne nokre arvingar?

Episode 4: «Blomsterpikens største ønske»

Illustrasjonsfoto: Eit bilete av Evelyn i front, med eit bilete av ei jente med ein blomsterbukett i bakgrunnen.
Foto: NRK

Evelyn kom frå Bodø, men budde heile sitt vaksne liv på Kjerringøy. Trass at ho var ei fattig jente, stod det halvanna million på sparekontoen hennar då ho døydde. Familien hennar gjekk i oppløysing og staten fann aldri arvingane. Heile livet skal Evelyn ha vore misunneleg på dei som hadde stor familie, sidan ho tilsynelatande ikkje hadde det sjølv.

Episode 5: «Født i skam»

Illustrasjonsfoto: Bilete av Bjørn Rudolf med skjorte og stripete hatt, biletet bak er av eit hus.
Illustrasjon: NRK

Å få eit barn utanfor ekteskap var i si tid ei skam. Mange ugifte kvinner drog til ei lyssky verksemd om dei hamna i «ulykka». Barna vart ofte kalla lausungar og vart sett bort til framande. Bjørn Rudolf frå Slitu i Østfold var ein av dei. Kven var familien hans eigentleg, og finst det nokon til å arve han?

Episode 6: «Gutten som ikke fantes»

Illustrasjonsfoto: Portrettbilete av Svein Olav, på biletet i bakgrunnen ser ein eit tysk bombefly på ei rullebane i Finnmark.
Illustrasjon: NRK

I testamentet til Svein Olav si mor står det: «Jeg har ikke livsarvinger». Korleis er det mogleg? Svein Olav levde store delar av livet på institusjonen «Emma Hjorts hjem» i Bærum, eit behandlingssenter for psykisk utviklingshemma. Han vart fødd under krigen og faren forsvann sporlaust. Eit lukka arkiv skjuler den mørke sanninga om Svein Olav si familiehistorie, men får Tarjei og Kai-Samuel tilgang? Og finst det nokon som kan arve «guten som ikkje fanst»?