Hopp til innhold
Info fra NRK

This close – premiere!

Veke 6, NRK TV, onsdag 6. februar.

Jobbstress, kjærleikssorg og familiedrama. Kate og Michael er der for kvarandre, men vennskapet mellom dei to døve bestevennene blir sett på prøve.

This close: Kate og Michael framfor spegelen

Kate og Michael bur i Los Angeles, jobbar i kreative yrke og er bestevenner.

Foto: Gunther Campine/SundanceNow / Gunther Campine/SundanceNow

Kate er ein ambisiøs og energisk PR-konsulent i underhaldningsbransjen og fast bestemt på å klare seg sjølv. Det må ho, for verken sjefen eller kjærasten gidd å bruke teiknspråk. Dei forventar at ho heng med i samtalane likevel. Michael er ein homofil melankolikar som lever av å lage lange teikneseriar, men no klarer han ikkje å komme på nokon gode historier. I tillegg til skrivesperra prøver han å komme over eit forhold som gjekk i vasken. Metoden han bruker er sprit og sex.


I tillegg til å spele Michael og Kate, har Josh Feldman and Shoshannah Stern også skrive manus til serien. Dei ønsker ikkje å framstille rollefigurane som rollemodellar.

– Vi har ikkje lyst til å drive med opplæring eller vere representantar for alle med høyrselshemming, vi har berre lyst å fortelje ei historie om to personar som er døve, sa Feldmann til The New York Times.

Serien tek opp tema som dei fleste kan identifisere seg med, som opp- og nedturar i kjærleikslivet, eller vanskelege familieforhold. Men serien gir også nokre innblikk i korleis det er å vere døv.

Alle episodane blir publiserte på ein gong i NRK TV.