Hopp til innhold

Solgt!, sesong 9 (2:5)

Uke 36 NRk1 torsdag 6. september kl 19.45

Utsikt, vill natur og ei privat øy i skjergarden utanfor Henningsvær er stikkorda når «Solgt» drar til Lofoten for å tippe bustadprisar. Programleiar Frode Søreide har nok ein gong tatt med seg meklarar på kryss og tvers av Norge.

Solgt, sesong 10

Bak f.v Anders Langtind og Petter Birkrem (Privatmegleren i Oslo). Foran f.v Baard Schumann (tidligere konsernsjef i Selvaag Bolig), programleder Frode Søreide og Daniel Kjørberg Siraj (Obos-sjef).

Foto: NRK

-Lofoten er kanskje ein av dei mest spektakulære områda vi har besøkt, og det er andre gong vi drar dit for å tippe bustadprisar, seier Frode.

I tillegg til fritidsbustaden på ei privat øy utanfor Henningsvær besøker vi ein gamal handelsstad i Lyngvær og eit nyoppussa hus med fantastisk utsikt.

Kva kostar det å bu på toppen av Oslo?

I denne sesongen har «Solgt!» også med seg meklarar til Trondheim og til eit av Norges dyraste hytteområde, nemleg Hafjell og Kvitfjell. I eit av programma inviterer programleiar Frode Søreide også til visning på Oslo sitt tak.

-I mange byar kan det bli både trongt og innestengt, men nokon er så heldige at dei får bu på toppen. I dette programmet handlar det om nettopp det, spørsmålet er sjølvsagt kor mykje det kostar, seier Søreide med eit smil.

Utvida sendetid

I haust er programmet blitt utvida med 10 minutt. Dette betyr at det blir enda meir tid til å sjå på husa vi besøker, og vi får presentert områda vi er i på ein meir utfyllande måte. I tillegg blir det reportasje. Mellom anna besøker vi ein heilt spesiell takhage i Oslo, og vi møter fire unge entusiastar i Henningsvær som har skapt seg eit levebrød i ein gamal nedlagt trevarefabrikk.

Årets meklarar:

Program 1 Lofoten: Anders Langtind og Petter Birkrem frå Pivatmelgeren i Oslo mot Obos-sjef Daniel Kjørberg Siraj og tidlegare konsernsjef i Selvaag Bolig Baard Schumann.

Program 2 Oslo: Aksel Sagvaag Innvær og Stine Larsen Sandvik frå Privatmegleren i Bergen mot Bente Fuglestad og Carina Kaldheim frå Eiendomsmegler Vest i Stavanger

Program 3 Trondheim: Robin Rodahl og Helene Molle frå Schala og Partners i Oslo mot Petter Krantz og Yvonne Halvorsen frå Kaland og Partners i Bergen.

Program 4 Lillehammer: Jonny Bolle og Jostein Jensen frå Jensen og Bolle Eiendomsmegling i Narvik mot Jørn Richard Andersen og Hans Westby frå Eie Eiendomsmegling i Vestfold.