Hopp til innhold

Solgt!, høst 2015, 21. oktober

Uke 43 NRK1 onsdag 21. oktober kl 19.45

Kor stor prisskilnad er det på ein bustad i Oslo, Bærum og Lier? Solgt er denne gang innom tre ulike fylke for å tippe pris. Klarar meklarane å tippe riktig?

Solgt

Programleiar Frode Søreide foran og meklarane Eivind Kalve, Stian Bruaas, Jim Håkon Ryan Karlsen og Sebastian Leistad.

Foto: NRK

-Prisane i dei tre fylka er svært ulike. Vi synst det er spanande å syne fram dette, og at du treng ikkje flytte veldig langt for å oppdage at du får meir for pengane, seier programleiar Frode Søreide.

Spesiell Eiendom

I Oslo blir meklarane utfordra til å tippe pris på ei loftsleilegheit på populære Torshov. Den går over to plan og kan skilte med terrasse med fjordutsikt. På Høvik i Bærum kommune må meklarane finne pris på eit stort hus med privat svømmebasseng som ligg like ved golfbana. Til slutt blir dei tatt med ein god halvtime ut av Oslo – til Lier i Buskerud. Her er det ei vakker arkitektperle av eit hus som det skal tippast pris på.

Store kontraster

Meklarane har fått med seg at det er dyrt i Oslo og Bærum. Større blir utfordringa når dei blir tatt med til Lier. Her må dei vurdere både nærleiken til Oslo og Drammen.

Frå Bergen deltar Eivind Kalve og Stian Bruaas frå Eie Eiendomsmegling. Frå Trondheim deltar Sebastian Leivstad og Jim Håkon Ryan Karlsen frå Privatmegleren Espenes og Partnere. Og det er ingen tvil om at viljen til å konkurrere er på topp, når trøndarar og bergensarar møtast til duell.

Om serien

Representantar frå to meklarfirma blir røska opp frå sine vante territorium og tatt med til ein ukjend plass, ein helt annan stad i landet.

I kjent stil skal dei konkurrere om å gjette prisen på tre ulike bustader. Meklarane veit ikkje kor dei skal og får ingen hjelpemiddel. Salsprisen er hemmeleg. Kva for eit lag tippar nærast?

Frode Søreide er programleiar.