Hopp til innhold

Solgt! Sesongpremiere! (1:6)

Uke 38 NRK1 mandag 18. september kl 19.45

Det står både overdådig luksus og falleferdige hus på menyen når «Solgt!» inviterer til ein ny runde med visning. Programleiar Frode Søreide har nok ein gong tatt meg seg norske meklarar på kryss og tvers av Norge og i utlandet for å tippe bustadprisar.

Solgt! Sesongpremiere, høsten 2017

Meklarane Rizwan Allahi Malik og Bente Aasland frå DNB Eiendom i Rogaland og Stine Nielsen og Jørgen Braun frå DNB Eiendom i Trondheim er først ut i høst. Programleiar Frode Søreide i midten.

Foto: NRK

-I år har vi eit variert spekter av både hus, hytter og feriebustader i Norge og utlandet. Det blir ikkje lett for meklarane som er med oss på tur, lovar programleiar Frode Søreide.

Over 200 hus er tippa pris på
I sesongpremieren besøker «Solgt!» mellom anna ein ombygd stall på Rodeløkka og ei leilegheit i ein tidligare hesteskofabrikk på Tøyen i Oslo. «Solgt!» skal også tippe bustadprisar i økolandsbyen i Hurdal, på rundtur i Østfold og Akershus, feriefavoritten Mallorca og til Sandnes. «Solgt«» er no inne i sin åttande sesong. Det betyr at det har vore tippa pris på over 230 eigedomar.

Meklarar mot takstmenn
-Nytt av året er at vi og har testa ut kven som er flinkast til å tippe pris av meklarar og takstmenn. Dette har lenge vore ein diskusjon mellom partane, og vi å la dei to yrkesgruppene konkurrere mot kvarandre, seier programleiar Frode Søreide. -Begge laga blir sjølvsagt tatt med til eit framande område. Men det er tydeleg at takstmenn og meklarar ikkje nødvendigvis fokuserer på dei same tinga. Det merkar vi og i pristippinga, fortel Søreide.

Årets meklarar

I denne sesongen deltar desse meklarane;

Program 1 Oslo: Rizwan Malik og Bente Aasland frå DnB Eiendom Rogaland mot Jørgen Braun og Stine Nilsen frå DnB Eiendom, Trondheim.

Program 2 Sandnes: Thomas Otterbech og Kaia Hostvedt Dahle frå Aktiv Sandefjord mot Marita Friis Stensland og Frode Bergheim Koppergård frå Aktiv Grønland i Oslo.

Program 3 Østfold: Marte Myrene og Lise Abrahamsen frå Eie i Bergen mot takstmennene Eivind Løyning og Bjørn Åge Maribu frå Rogaland.

Program 4 Romerike: Cecilie Clausen og Preben Willmann frå Ålesund mot Øystein Vestre og Truls Lea frå Haugesund.

Program 5 Mallorca: Helga Sverdrup Hvass og Dajmi Birkedal frå Sørmegleren i Arendal/Grimstad mot Morten Styrmoe Hannestad og Stian M. Baklie frå Nordvik & Partners St.Hanshaugen i Oslo.

Program 6 Akershus: Monica Løvjomås og Kjersti Tunestveit Dyre frå Proaktiv i Bergen mot Bjørn Tore R. Strømmen og Marius Øygarden frå Eie i Trondheim.