Hopp til innhold

Solgt 2015 (4:6)

Uke 16 NRK1 mandag 13. april kl 19.45

Har du tenkt at du er betre enn meklarane i Solgt til å tippe pris? Det tenkte Jan Thomas og Kathrine Sørland og. Difor fekk dei prøve seg. Kven er best til å tippe pris – kjendisane eller eigedomsmeklarane?

Solgt! (4:6)

Jan Thomas Mørk Huseby, programleder Frode Søreide og Kathrine Sørland.

Foto: NRK

-Eg får ofte høyre av TV-sjåarane at dei er flinkare til å tippe pris enn meklarane. I år ville vi difor sjekke det ut, og inviterte to kjendisar til å konkurrere mot meklarane, fortel Solgt-programleiar Frode Søreide.

Stylist og motepoliti Jan Thomas Mørk Huseby og modell Kathrine Sørland tok utfordringa på strak arm.

Lettare frå sofaen

-Eg gleda meg veldig til å vere med i Solgt. Eg har sete i sofaen heime og tippa pris, og meiner sjølv at eg er superflink. No er det berre å sjå om eg er like flink som eg trur eg er, ler Kathrine Sørland.

Også for Jan Thomas Mørk Huseby blir dette ei utfordring utanom det vanlege. Han er sjølv ein ivrig pristippar heime i sofaen.

-Eg håpar det blir ein opptur. Eg er jo ein av dei mange tusen som sit heime og kjenner at eg kan alt betre enn meklarane, og tenker kor teite dei er. Nå som eg skal vere med sjølv, så kjenner eg at eg kanskje ikkje skulle vore så kjapp med fordommane mine, smilar Jan Thomas.

Men han vedgår at det er lettare å sitte heime og tippe.

-Alt er mykje lettare heime. Det er mykje vanskelegare å vere her. Då blir alt plutseleg så alvorleg.

Samanliknar med det dei har sjølv

Begge er opptekne av eigendom og meiner det vil vere ein fordel når dei skal prøve seg som meklarar.

-Eg sit ofte på nett og søker på kva som er tilgjengeleg. Ser på storleiken og verdiforskjellane på andre eigedommar i forhold til det vi har sjølv. Så eg er nok over gjennomsnittet interessert, seier kjendisstylisten.

-Eg er nok like opptatt av interiøret som sjølve bustaden. Spesielt kjøkken og bad, fortel Sørland.

Verre å tape mot kjendis

Største fallhøgde har derimot dei to eigedomsmeklarane Stian Sletten og Anine Bertelsen Tuft hjå Kaland og Partners i Bergen. Dei skal forsvare meklarane si ære.

-Det blir kjempegøy, men vi kan jo ikkje tape, seier Anine Bertelsen Tuft.

Sjølv om meklarane har den faglege fordelen, så har Jan Thomas og Kathrine fordel av heimebane. To av husa dei skal tippe pris på ligg nemleg i Oslo-området, dei dei bur til vanleg.

-Sjølve komplottet i Solgt er jo at meklarane skal bli tatt med til ein framand stad. Så vi lar Jan Thomas og Kathrine få ein liten fordel, seier Solgt-programleiaren.

Konkurranseinstinktet er derimot like stort hjå både meklarane og dei to kjendis-utfordrarane.

-Eg hatar å tape. Eg kan ikkje tape, ler Sørland som får støtte frå sin makker.

- Ein likar jo å seie at berre det å vere med er så koseleg. Det kan så vere, men vi vil vinne, slår Mørk Huseby fast.

-Både Kathrine og eg er konkurransemenneske og har delteke i konkurransar der det er veldig viktig å vinne, legg han til.

Oslo og Yte Enebakk

Eit arkitektteikna hus like ved Oslo si største handlegate, Bogstadveien, blir første utfordring for dei to laga. I tillegg får dei prøve seg på eit stort hus på Nesøya, som faktisk ikkje er langt ifrå nabolaget til Sørland og familien. Den største utfordinga blir nok når laga blir tatt med til Ytre Enebakk, der dei skal finne salsprisen på eit lite småbruk.

- Plassering har eg skjønt er viktig, og så må vi kjenne på kva magen seier. Kor mykje ville eg gitt for dette huset eller denne leilegheita, det trur Sørland blir det avgjerande når dei skal vurdere pris.

-Vi kan slå meklarane med vår kunnskap om området. Vi har budd og selt eigne hus i dette området. Det blir ein heilt klar fordel i forhold til meklarane som bur og jobbar i Bergen til vanleg, konkluderer Jan Thomas Mørk Huseby.

Om serien

Til vanleg blir to representantar frå to meklarhus røska opp frå sine vante territorium og tatt med til ein ukjent marknad, ein heilt annan stad i landet.

I kjent stil skal dei konkurrere om å gjette prisen på tre ulike bustadar. Meklarane veit ikkje kvar dei skal og får ingen hjelpemiddel. Salsprisen er hemmeleg. Kva for eit lag tippar nærast?

I løpet av serien sine fjorten program skal meklarar reise på kryss og tvers i Norge. I tillegg blir det besøk i utlandet. Programmet er no inne i sin 6. sesong.

Som i dei førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 12 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved fleire av NRK sine distriktskontor, FBI og 17-mai.