Hopp til innhold

Smæsj (8:8)

Uke 50 NRK1 søndag 13. desember kl 20.15

I kveld fortel Linda Eide historia om golf, og svingar seg i Skottland, USA, Tyskland, på ein historisk bane i Romsdalen og i ein hage i Bergen.

Smæsj (8:8)

Elin Hultgren har spelt golf i 60 år og er så ivrig at ho har laga bane i sin eigen hage.

Foto: Thomas Hellum / NRK

Golf er ei tusen år lang historie som inneheld kaninar, gjetarar, kongar, ein norsk Askeladd, ein amerikansk president ved namn Bush og pasjonerte amatørar som Elin Hultgren.

Frank Aarebrot svingar ei golfkølle for fyrste og siste gong, og endeleg blir det muleg å forstå golfspråket.

Om serien

Ein serie på åtte program om korleis åtte ulike sportar er blitt til. Linda Eide dreg frå sin eigen barndom på Bakkane heime og ut i den store verda. Til stader og folk som kan fortelja om mennesket sin oppfinnsomheit og trong til leik og moro. Om det er med stein og kost på isen, ein racket i handa, i ein piruett under vatnet, eller med ein ball.

Smæsj er ei kulturhistorisk reise tilbake til fjern og nær fortid. Til adel og arbeidarklasse, til dei kongelege og folk flest. Me møter pasjonerte amatørar, engasjerte pionerar og leikande menneske i inn- og utland. Smæsj syner fram mennesket sin evige trong til å setja leiken i system og konkurrera med kvarandre. Til å la det gå sport i det. Og denne trongen er like sterk i vår daglege kvardag som i dei store konkurransane. Både før og no.