Hopp til innhold
Info fra NRK

Premiere: Bruce Lee – Be Water

«Bruce Lee – Be Water» er ei gripande forteljing om livet og filosofien til ein karismatisk mann. På kort tid vart den diskriminerte skodespelaren kampsportens største legende.

Foto: ESPN

«Bruce Lee – Be Water» viser mannen bak legenda.

Foto: ESPN

Dokumentarfilmen fortel mellom anna historia om Bruce Lee dei første åra sine. Som son av ein Kinesisk operastjerne voks Lee opp i Hongkong, som vart ein til tider uroleg barndom.

Draumen om Hollywood

Då han var 18 år vart han send til USA, der han byrja å undervisa i Kung Fu. Der fekk han eit nettverk av følgjarar, mellom anna den framtidige kona hans, Linda. Men Lee var ein ambisjonsrik mann, og byrja snart å sjå mot Los Angeles og Hollywood. Bruce Lee hadde heile livet levd mellom Aust og Vest, og opplevde sjølv på kroppen den rasistiske reaksjonen frå den amerikanske filmindustrien. Såg til trass for noko suksess som både kampkoreograf og skodespelar var det tydeleg at Hollywood ikkje var klar for ei asiatisk hovudrolle.

Han returnerte derfor til Hongkong for å prøva seg der, og endra med det heile filmverda og gjorde han til den legenda vi kjenne i dag. Bruce Lee rakk berre spela inn fire filmar i heimlandet før han døydde i 1973, 32 år gammal.

Legenda Bruce Lee

«Bruce Lee - Be Water» blir fortalt av familie, venner og andre som kjende Bruce Lee, saman med dei ekstraordinære arkivbilda og sjeldne opptaka frå livet hans. Lidenskapen, livsfilosofien, evnene. Filmen minner oss på at sjølv om Bruce Lee hadde ein kort karriere lever legenda hans framleis den dagen i dag.

«Bruce Lee – Be Water» sendast på NRK2 måndag 29. juni kl. 21:15, og på NRK1 tysdag 30. juni kl. 23:55. Filmen blir tilgjengeleg i NRK TV 19. juni kl. 06.00.