Hopp til innhold

Krig og kjærleik i Singapore

Sosietetsfamilien Blackett nyt eit privilegert tilvære i den britiske kolonibobla Singapore. Men i 1942 rykkjer krigen stadig nærare.

Walter Blackett (David Morrissey)

Walter Blackett (David Morrissey) er overhovudet til familien.

Foto: ITV

Den Oscarvinnende manusforfattaren Christopher Hampton har teke utgangspunkt i J.G. Farrells klassiske roman «The Singapore Grip» og laget ei ambisiøs og eksotisk forteljing sat til koloniboblen Singapore under andre verdskrig.

Singapores luksus

Historia sentrerer seg rundt ein velståande britisk familie busett i Singapore under den japanske invasjonen av landet. Gummimogulen Walter Blackett, kona Sylvia, den omsynslause dottera Joan og den bortskjemde sonen Monty lever eit liv i luksus, tilsynelatande uberørt av alt det som skjer i Europa.

Monty Blackett (Luke Newberry) og Joan Blackett (Georgia Blizzard)

Den bortskjemde sonen Monty og dottera Joan, som er villig til å gjere nesten kva som helst for framtida til familien.

Foto: ITV

Når Walters forretningspartnar Mr. Webb får helseproblem må Walter tenkje på framtida til firmaet. Han meiner Webbs son Matthew er ein perfekt match for Joan, og Joan seier seg heilt samd. Matthews idealisme får likevel fram skepsisen i Walter, særleg sidan Matthew blir meir og meir påverka av den mystiske kinesiske flyktningen Vera Chiang.

Mr. Webb (Charles Dance)

Mr. Webb (Charles Dance) er ein viktig forretningsmann, men må trekke seg tilbake når helsa hans ikkje lenger strekk til.

Foto: ITV

Ei verda i krig

Serien viser både dei kommersielle og dei sosiale relasjonane som held bedrifta gåande, og korleis familien strevar for å utvide forretninga. Samtidig får vi eit perspektiv på dei kolossale hendingane som føregår i verda under andre verdskrig.

«Krig og kjærleik i Singapore» er ei gripande forteljing om eit samfunn på veg ned og ein familie midt i det heile som klyngar seg fast sjølv om verda rasar saman rundt dei.

Vera Chiang (Elizabeth Tan)

Den mystiske Vera Chiang (Elizabeth Tan).

Foto: ITV

Sjå heile serien i NRK TV 7. august kl. 06.00