Hopp til innhold
Info fra NRK

Kari-Anne på Røst (1:6) Premiere!

Uke 34 NRK1 tirsdag 22. august kl 20.25

Kari-Anne Nilsen har satsa alt på eit liv på gyngande grunn. Ho flytta frå ein veglaus gard i ein trong fjord på Sunnmøre, ut til havgapet sør i Lofoten. Der sauene er øyhopparar og båt viktigare enn fjøs.

Kari-Anne Nilsen

Fiskarbonden Kari-Anne Nilsen har satsa alt på eit liv på gyngande grunn. I øyriket Røst, lengst sør i Lofoten, freistar ho å skape seg ei framtid som sauebonde.

Foto: Tor Sivertstøl / Tindefilm

Men ho er ikkje berre bonde. I kommunen med 535 innbyggarar er det alltid noko ein kan bidra med.

Bli kjent med fiskaren, kyrkjetenaren, radiorøysta, landskapspleiaren og livsnytaren Kari-Anne. Ingen oppgåver er for små, ingen for store.

Første episode
I fyrste episode jobbar ho med eit prosjekt som mange ristar på hovudet av, men det stoppar ikkje Kari-Anne. Ho vil redde landskapet på eit av Noregs mest kjende fyr frå å gro att. Men å setje ein saueflokk på Skomvær fyr er ikkje enkelt. Leia ut dit er lunefull. Då er den erfarne fiskaren og sauebonden Steinar god å ha.

Andre episode
Vi møter Kari-Anne og læremeistaren hennar Steinar. Å vere sauebonde på Røst er noko heilt for seg sjølv, og Kari-Anne har framleis mykje å lære. Dei flyttar sauar mellom ulike holmar slik at dyra får best mogleg beite og blir vane med å vere i båt.

Etter ein lang dag på sjøen er det meir jobb i vente. For Kari-Anne har sagt ja til å vere kyrkjetenar.

Tredje episode
Vi møter Kari-Anne og sauene hennar ved Skomvær fyr. Dei har ei enorm arbeidsoppgåve framfor seg. Sauebonden vil redde det attgrodde landskapet her ute. Det klarer det ikkje åleine. Heldigvis er hjelpa på veg. Det er dugnadsdag, men får dei starta slåmaskina?

Fjerde episode
Ein sau har blitt sjuk og må slaktast heime på garden. I det vesle samfunnet på Røst er det heldigvis mange som vil hjelpe til. Dei andre sauebøndene her har blitt Kari-Anne sine beste vener. Venane er gode å ha både når ein må naudslakte, og når råvarene skal foredlast. Eit heilt spesielt matprosjekt er på gong, men rekk blodpølsa å bli ferdig før tysdagsbingoen startar?

Femte episode
Skreien er endeleg komen. Lofotfisket er i gang, og Kari-Anne skal endeleg ut med den vesle sjarken sin. Dette har ho gleda seg til, og med god hjelp frå den erfarne fiskaren Steinar ligg alt til rette for gode dagar på havet. Men ein liten sjark og eit stort hav er ein vanskeleg kombinasjon. Det er mange skjer i sjøen for ein fersk fiskarbonde.

Sjette episode
Det har gått fire år sidan Kari-Anne satsa alt for å bli sauebonde på Røst. I siste episode nærmar Lofotfiske seg slutten, eit fiske som ikkje vart som ho håpa på. Likevel kan ho ikkje henge med hovudet. Til det har ho det altfor travelt. Sauane treng henne alltid og Radio Røst manglar programleiar. Livsvalet har heldigvis også gjeve henne gode vener som stiller opp når det trengs.