Hopp til innhold
Info fra NRK

Innesperret 2 - sesongpremiere!

Veke 5 NRK1, måndag 28. januar kl.21.20.

Nokon vil drepe den islandske industriministeren. Der startar saka for Andri Ólafsson. Men etterforskinga tek uventa vendingar.

Innesperret: Andri og Hinrika

Sesong 1 av «Innesperret» var ein stor suksess og har vore vist verda over. No er endeleg sesong 2 her.

Foto: RUV

Det blir gjensyn med politimannen Andri Ólafsson i sesong 2 av «Innsperret». Det har gått to år sidan sist, og no bur han Reykjavik.

Nokon prøver å sette fyr på industriministeren, og det viser seg å vere broren til ministeren. Han er bonde nord i landet, og er mellom dei som har protestert mot eit nytt kraftverk der.

Ferda går nordover for Andri Ólafsson. Vi følgjer han ikkje berre i etterforskinga, vi blir også kjent med familien hans. Han bekymrar seg etter kvart mykje for den eine dottera som ikkje bur Reykjavik med eks-kona, men med tanta, også i nord.

Sjå britisk trailer for Innesperret (Trapped)

- Sosialt samvit
Serien tek opp tema som importert arbeidskraft, nasjonalisme og miljøvern.

Mannen bak serien, regissør Baltasar Kormákur seier mellom anna dette om sesong to:
– Plot-et i serien er litt annleis denne gongen. Folk er ikkje fysisk innesperra, men psykologisk. Det er ein krimserie med eit sosialt medvit, med den ville og vakre islandske naturen som eit slåande visuelt bakteppe.

To og to episodar blir sende på NRK1, kvar måndag frå den 28. januar.

The Guardian om Ólafur Darri Ólafsson: He's huge, he's hairy – and he's the hottest man in Iceland