Hopp til innhold
Info fra NRK

Tilbake til gymsalen

Det er duka for blod, sveitte og tårer når «GYM» er tilbake med ein rykande fersk sesong på NRK 19. august. Mia Hundvin gjer comeback som gymlærar når åtte nye kjendisar skal få bryne seg på kroppsøving.

Alle deltakerene i GYM sesong 2. F.v. Cecilie Bolander, Mohammed Basefer, Ulrikke Falch, Karsten Blomvik, Mia Hundvin, Tete Lidbom, Steinar Klouman Hallert, Annika Momrak, Frida Homlung, Ole Soo Valland.

Deltakarane er klare for ein ny sesong. F.v. Cecilie Bolander, Mohammed Basefer, Ulrikke Falch, Karsten Blomvik, programleiar Mia Hundvin, Tete Lidbom, Steinar Klouman Hallert, Annika Momrak, Frida Homlung, Ole Soo Valland.

Foto: NRK

Nokre hugsar gymtimen som den einaste fritimen, andre som et sveitt og pubertalt mareritt. I «GYM» skal åtte meir eller mindre kjende deltakarar konkurrere i åtte ikoniske gymøvingar. Målet er å få toppkarakter av gymlærar Mia Hundvin og ende opp med det beste snittet.

Mia Hundvin er tilbake som gymlærar i Gym 2.

Mia Hundvin utfordrar deltakarane i ein ny sesong av «GYM».

Foto: NRK

Karsten Blomvik og Annika Momrak er tilbake etter eit heller skuffande resultat i første sesong. For Karsten kan dette vere siste moglegheit til å oppnå draumen om å vinne «GYM». Saman med resten av deltakarane får dei prøve seg i alt frå basketball til «Haien kommer».

Tete Lidbom kjennar på frustrasjonen i «Stiv heks», Ulrikke Falch opplev meistring i basketball, Cecilie Bolander dreg fram MMA-ferdigheitene for å forsvare seg mot haien, medan Mohammed Basefer slit med eit dårleg kne. Og får Mia Hundvin børsta støv av gamle ferdigheiter?

To lag spelar basket, i midten av biletet kjempar to av spelerane om ballen.
Foto: NRK

Hundvin er strengare i år og vil ikkje la seg overtale til å gje kullet betre karakterar. I tillegg har ho stramma til med fleire tvistar, nye gjestar og kanskje til og med nye fjes undervegs?

Alle åtte episodane er tilgjengelege i NRK TV fredag 19. august.