Hopp til innhold
Info fra NRK

Gladbeck - premiere!

Veke 6, NRK TV torsdag 7. februar.
Basert på verkelege, men uverkelege hendingar: To bankranarar tek fleire gislar og blir jaga i 54 timar av eit svakt politi og skruppellause journalistar.

GLADBECK

Thriller basert på ei sann historie: Hans-Jürgen Rösner (Sascha Alexander Gersak) og Dieter Degowski (Alexander Scheer) var to brutale ranarar. Både politi og media svikta i jakta på dei.

Foto: Martin Valentin Menke / ARD Degeto Film GmbH / Ziegler F

Gladbeck er ei dramatisering av eit verkeleg bankran i Tyskland. Kl. 08.04 den 16. august 1988 går to maskerte menn inn i ein bankfilial i Gladbeck. Dei tek to bankmedarbeidarar som gislar og forlangar både løysepengar og ein fluktbil. Etter timar med forhandlingar der dei stadig lausnar skot, får dei 300 tyske mark og ein Audi. I mellomtida har dei blitt intervjua av ein lokal radiostasjon. Og slik held det fram.

Dei to gisseltakarane er kjente kriminelle, begge har allereie eit rulleblad prega av brutalitet og hat mot politiet. Under jakta på dei gjer politiet fleire fatale feil, og politiet blir også hemma av stadige endringar i lov og jurisdiksjon for kva dei kan gjere.

I løpet av 54 timar reiser gisseltakarane gjennom Tyskland og inn i Nederland, og fleire tilfeldige menneske blir tekne som gislar og brukt av dei i forhandlingar med politiet. Ikkje alle overlever. Samtidig blir dei to gjentekne gonger intervjua av journalistar. Gladbeck-dramaet har blitt referert til som «den mørkaste stunda i tysk journalistikk sidan den andre verdskrig» av det tyske journalistforbundet.

30 år etter har tyske ARD laga denne thrilleren som gjenskaper hendingane. Reaksjonen har ikkje latt vente på seg: Mange journalistar, politi, gislar frå den gongen vil fortelje om kva dei opplevde og analysere kva som skjedde. Gladbeck er eit traume som ikkje er over.

Alle fire episodane blir publiserte same dag i NRK TV.

Les meir om kva som skjedde: