Hopp til innhold

Førde Folkemusikkfestival

Uke 27 NRK1 lørdag 4. juli kl 20.10

Førdefestivalen i Sunnfjord vert arrangert denne veka. I kveld får høyre frå opningskonserten som musikaren Sigrid Moldestad er programleier for.

Førde Folkemusikkfestival

FRIKAR deltek på Førdefestivalen.

Foto: Erlend Apneseth/Hallgrim Hansegård

Konserten byr på ein kveld i selskap med norske og internasjonale artistar som utforskar likskapar og samanhengar mellom ulike musikktradisjonar. Vi får smakebitar frå nye produksjonar som Vocal ConneXions med Unni Løvlid, Annie Ebrel, Julie Fowlis, Ulla Pirttijärvi, Gergana Dimitrova og Håkon Thelin. Frå String ConneXions-prosjektet: Gro Marie Svidal, Emilia Amper og Peyo Peev. I tillegg får du også sjå store opplevingar med Catrin Finch & Seckou Keita, Saïd El Maloumi og Houcine Baqir, Fiddlers’ Bid, Noreum Machi og FRIKAR.

Om Førdefestivalen
Førdefestivalen samlar kvart år nærare 30 000 besøkande i løpet av festivalen sine fem dagar. Den byr på 100 konsertar på 30 ulike scener. Festivalen har eit sterkt internasjonalt rykte og er fleire gonger kåra til blant dei beste i verda i sin sjanger.

Opningskonserten som vert arrangert i den store idrettshallen i Førdehuset byr på smakebitar frå resten av festivalen. Konserten på NRK1 er eit redigert opptak av opningskonserten torsdag 2.juli

Årets programleiar

Førde Folkemusikkfestival

Promotor for Sigrid Moldestad.

Foto: Promotor for Sigrid Moldestad

'

Programleiar for konserten i år er Sigrid Moldestad. Ho kjem sjølv frå Sogn og Fjordane og har stått på festivalen sine scener som musikar tidlegare. Ein skal heller ikkje sjå vekk frå at du får oppleve ho musikalsk under opningskonserten.