Bjørn viser korleis han lukkast i kjærleikslivet, men mislukkast som fiskar.
Familien Flatlandsmo har besøk av høgderedde slektningar, og Tor Olav fattar ikkje kvifor terrengsykkel ikkje er meir brukt i sauesank.
Om serien
Fjellfolk er ein norsk dokumentarserie om mennesker som lever i, for og av fjellet. Menneske som alltid lengtar til fjells, og om alt som held dei tilbake.
Kjæresteparet Sigrid Henjum og Sander Buene prøver å starte si eiga fjellbedrift. Dei investerer tungt, samtidig som dei veit gründerlivet vil sette forholdet deira på prøve.
Bjørn Høyvik vil halde fram med paragliding så lenge han kan. I alle fall eitt år til, og helst mykje lenger. For i den 75 år gamle kroppen lever ein leiken guttunge i beste velgåande.
Fjellføraren og sauebonden Tor Olav Naalsund møter kvart år med målsetjinga om at alle han har ansvar for, både sauer og menneske, skal ha det trygt i fjellet.
Solbjørg Kvålshaugen prøver å halda hovudet over vatn medan ho lever og andar for turisthytta si som ho driv i Jotunheimen, 1000 meter over havet. Ho ynskjer seg både ein livsledsagar og ein kompanjong, men ingenting kjem av seg sjølv.
Klatrefamilien Flatlandsmo samlar felles opplevingar ute i naturen, men det er ikkje alltid at alle er interessert i å vere med på det.