Den nye assistenten snur opp ned på livet sitt for å slutte seg til Solbjørg på Fondsbu, medan Tor Olav hjelper folk med å trosse høgdeskrekken på Innerdalstårnet.
Far og yngstemann Flatlandsmo sjekkar kven som har den sterkaste viljen i steinrøysa under Romsdalshornet.
Om serien
«Fjellfolk» er forteljinga om menneske som lever i, for og av fjellet. Menneske som alltid lengtar til fjells, og om alt som held dei tilbake.
Sommaren 2014 slår alle rekordar, aldri før har så mange vore på vandring i den norske fjellheimen. Og aldri har vel fjella vore vakrare enn i år.
I sesong 2 av serien møter vi igjen nokre av hovudpersonane frå sist, samtidig som vi blir kjent med mange nye.
Kjæresteparet Sigrid Henjum og Sander Buene prøver å starte si eiga fjellbedrift. Dei investerer tungt, men veit og at gründerlivet vil sette forholdet deira på prøve.
Bjørn Høyvik vil halde fram med paragliding så lenge han kan. I alle fall eitt år til, og helst mykje lenger. For i den 75 år gamle kroppen lever ein leiken guttunge i beste velgåande.
Fjellføraren og sauebonden Tor Olav Naalsund møter kvart år med målsetjinga om at alle han har ansvar for, både sauer og menneske, skal ha det trygt i fjellet.
Solbjørg Kvålshaugen prøver å få dagane til å strekkje til medan ho lever for, andar for og driv turisthytta si i Jotunheimen, 1000 meter over havet. Ho ynskjer seg både ein livsledsagar og ein kompanjong, men ingenting kjem av seg sjølv.
Klatrefamilien Flatlandsmo samlar felles opplevingar ute i naturen, men det er ikkje alltid at alle er interesserte i å vere med på det.