Hopp til innhold

Eides språksjov (1:9) – premiere!

Veke 2 NRK1 onsdag 11. januar kl. 21.35

Linda Eide er tilbake, no som vertinne i eit leikent snakkesjov som gjer stas på og tullar med vår språklege kvardag.

Eides språksjov

Linda Eide inviterer til språkleg moro kvar veke.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Er språk så underhaldande og fascinerande at det fortener eit heilt show, kvar veke? Ja, meiner programskapar og programleiar Linda Eide, og byr inn til språkleg moro, med hammondorgel på scenen, publikum i salen og gjester på løpande band!

«Eides språksjov» er Nord-Europas einaste TV-sende snakkesjov om språk. Dette er språkformidling i ei laussleppt innpakking, med eigen pianist og eigen professor.

Rett nok skriv Eide showet sitt med enkel v, for å syna ei litt meir nøktern tilnærming til show-fenomenet enn dei gjer ute i den store verda. «Eides språksjov» har meir innhald og mindre glamour enn eit typisk show i Las Vegas, men det skal definitivt bli sjov også her.

Midt i blinken

Linda Eide er kjent frå seriar som «Norsk attraksjon» og «Smæsj», og sjølv om dei seriane ikkje har handla om språk, har det vore mykje språkmoro også der. Men no skal det altså handla spesifikt om språk, og det ser ho veldig fram til.

– Eg har alltid likt å leika med språket, samstundes som eg tek det dønn seriøst. Så eit slikt program er midt i blinken og vel så det, for meg. Å få folk til å le og ha det moro, samtidig som dei lærer noko nytt om både språk, historie og seg sjølve, er sjølve målet mitt som programskapar.

Me er alle språkgeni

Språk er noko me alle er i, heile tida og over alt. Og eigentleg er me alle levande språkgeni. Kven som helst av oss kan når som helst finna på eit ord og bruka det. Samtidig er me opplærte i reglar, faste uttrykk, korrekte setningar. Og alt som bryt med dette kan me sikkert irritera oss over, men også le av og le med og kjenna oss att i.

I tillegg lurar me jo ofte på kva ord betyr, kvifor seier me akkurat det og det, akkurat sånn og sånn? Kva er hulter, og når kom bulter? Språket grev seg sine eigne vegar, i hytt og gevær!

"Eides språksjov" inviterer også kjende og ukjende personar inn som gjester. Skodespelarar, artistar, og andre berømte personar kjem og får snakke om det dei er mest opptatt av, reint språkleg.

I tillegg dukkar det opp gjester som er inviterte av heilt spesielle grunnar. Det kan vere fordi dei snakkar baklengs, at dei framleis ventar på at esperanto skal ta over verda,eller noko heilt anna.

Eides språksjov

Linda Eide og hennar faste makkarar, språkprofessor Gunnstein Akselberg (t.h.) og pianist, organist og kapellmeister Sjur Hjeltnes.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Professoren og pianisten

Linda Eide er ikkje åleine. Med seg på laget har ho den formidlingsglade språkprofessoren Gunnstein Akselberg og den scenevande pianisten og organisten Sjur Hjeltnes. Og sistnemnde får endeleg oppfylt ein gammal draum; å vere kapellmeister med Hammond-orgel. Det spesielle instrumentet gir programmet ein særeigen lyd som er vibrerande, varm, kraftig og nostalgisk på same tid.