Med seg har ho kunstnar og ein av initiativtakarane til det ambisiøse prosjektet, Anne Katrine Dolven. Dronninga og ho har gjennom mange år hatt eit nært forhold. Ein av gongane dei møttest var etter terrorangrepa 22. juli 2011. I programmet fortel dei mellom anna om det sterke møtet dei hadde ved skulpturen "Reiret", ytst ute i Lofoten, på seinsomaren det året.
Saman med "Reiret" vert mange av skulpturane frå parken viste fram. Dronninga har ei spesiell historie om kunstverket "Hai-Ku-Badekar" i Sømna, og Dolven følgjer opp med si eiga spesielle forteljing om "Øye i Stein" i Lødingen.
Dronninga snakkar også om eigne kunstprosjekt. Programleiar John Inge Johansen får høyre mykje om korleis ho opplever variasjonen og det storslagne i den norske naturen, og korleis den inspirerar henne til å utfalde seg kunstnarisk.