Hopp til innhold
Info fra NRK

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – 20 år

I desember er det 20 år sidan første episode av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» vart sendt. Det er blitt tradisjon å laga ein julespesial og i år vendar me tilbake til Valdres.

Storhendingane står i kø på Øvre Brekkebakkane: Line Raunkjær og Tor-Evert Johansen giftar seg, og vesle Emil blir fødd.

Storhendingane står i kø på Øvre Brekkebakkane i Valdres: Line Raunkjær og Tor-Evert Johansen giftar seg, og vesle Emil blir fødd. Men kjem dei seg inn i ein ny, trygg heim?

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Det folkekjære programmet vart sendt første gong 8. desember 2002. Oddgeir Bruaset skapte programmet og var programleiar i mange år, før Arve Uglum overtok. Dei siste åra har Noralv Pedersen leia programmet.

Sesong 21 består av seks helt nye episodar. To av dei kjem på NRK før jul. Dei fire siste kjem 1. juledag (25. desember) i NRK TV, mens på NRK1 kjem dei på nyåret. Se dato under.

I dei to juleepisodane vender me tilbake til den forfalne garden Øvre Brekkebakkane i Valdres. Der blir det bryllaup, og ein odelsgut kjem til verda.

Flyttar dei ut av låven?

Tor-Evert Johansen har dei siste fire åra har kjempa for å byggja opp ein gard – og eit liv.

Dette året skjer det store ting på småbruket i Valdres: Tor-Evert giftar seg med Line Raunkjær. Og vesle Emil blir fødd, den fyrste odelsguten på garden på 77 år.

Men klarar Line og Tor-Evert det store målet sitt – å flytta ut av låven og inn i ein trygg heim, våningshuset som dei har streva så lenge med å byggja opp att?

Og klarar dei å berga forholdet når Tor-Evert blir heilt oppslukt av husbygginga og mister Line og Emil av syne?

Denne siste delen om Line, Tor-Evert og gjenreisinga av Øvre Brekkebakkane bli vist over to episodar. Begge blir lagt ut i NRK TV 11. desember. På NRK1 blir dei to episodane sendt 11. desember og 18. desember. I tillegg sender NRK1 julespesialane Øvre Brekkebakkane 1 (frå 2019) og Øvre Brekkebakkane 2 (frå 2021) i reprise høvesvis 27. november og 4. desember.

Medverkande: Line Raunkjær og Tor-Evert Johansen

NRK TV: Søndag 11. desember

NRK1: Søndag 11. desember (episode 1) og 18. desember (2. episode) kl. 19.55.

Tor-Evert Johansen plukkar blomster til bryllaupskransen, Øvre Brekkebakkane, 7. august 2021

Tor-Evert Johansen har dei siste fire åra bygd opp den forfalne høgdegarden Øvre Brekkebakkane. No skal han gifta seg og plukkar blomster til bryllaupskransen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

For fyrste gang på Svalbard

I tillegg tel episodane fra Øvre Brekkebakkane sender NRK endå fire nye episodar av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», med historier om menneske som bur langt frå allfarveg, men nær naturen. Blant anna besøkjer me Svalbard, for fyrste gong i programserien sin tjueein år lange historie.

Programleiar Noralv Pedersen og hovedfotograf Torje Bjellaas.

Noralv Pedersen er programleiar og Torje Bjellaas er hovudfotograf for programserien.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Foxdalen, Svalbard og Ytre Eikjo, Vestland

Sigri Sandberg og Steinar Rorgemoen driv den veglause eplegarden Ytre Eikjo i Sogn.

Sigri Sandberg og Steinar Rorgemoen driv den veglause eplegarden Ytre Eikjo i Sogn. Svalbard er og viktig i livet deira.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Sigri Sandberg og Steinar Rorgemoen treng ein ny start i livet. Løysinga dei vel – langt frå folk og næraste bilveg – får nokre til å stussa. Men for Steinar er valet enkelt: Han er lei av direktørjobben og byter ut blådress og business med raud anorakk og eit naturnært liv på Svalbard.

Der møter han Sigri. Saman kjøper dei ein veglaus eplegard i Sogn. Sigri er rastlaus og bur fleire plassar. Ho lengtar etter ro og bestemmer seg for å ro inn den lange Sognefjorden i ein gamal trebåt – for å finna fred, og for å prøva å finna heim.

Medverkande: Sigri Sandberg og Steinar Rorgemoen

NRK TV: 1. juledag (25. desember)

NRK1: Søndag 8. januar

Venabygdsfjellet, Innlandet

Olaug Furusæter spelar fele i Noregs lengstlevande folkrockband Vestlandsfanden.

Olaug Furusæter spelar fele i Noregs lengstlevande folkrockband Vestlandsfanden. Ho bur i tømmerstova si på Venabygdsfjellet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Å rocka framfor 25.000 fans gir Olaug Furusæter eit kick ho er avhengig av. Men like mykje treng ho å vera mutters åleine i tømmerstova si på Venabygdsfjellet 1000 meter over havet.

Olaug har aldri forstått poenget med å vera to. Ho har alltid sagt at ho kan ha det like fint åleine. Men det er før ho møter Hallgeir.

Medverkande: Olaug Furusæter og Hallgeir Rogstad

NRK TV: 1. juledag (25. desember)

NRK1: Søndag 15. januar

Hartvigøya, Trøndelag

Alexander Hartvikøy, Mona Aunan og kopplammet Tupsi på kveldstur på Hartvigøya.

Alexander Hartvikøy, Mona Aunan og kopplammet Tupsi på kveldstur på Hartvigøya.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Alexander Hartvikøy, Mona Aunan og kopplammet Tupsi på kveldstur på Hartvigøya.

Alexander Hartvikøy flyttar ut i havet for å byggja opp ei øy ved det vêrharde Folda-havet på Trøndelagskysten. Hartvigøya har vore fråflytta i over 50 år, men Alexander gyv laus på livsoppgåva med ein ung manns pågangsmot.

Alt arbeidet skal koma til å kosta meir enn han anar. Til alt hell er han ikkje åleine.

Medverkande: Alexander Hartvikøy og Mona Aunan

NRK TV: 1. juledag (25. desember)

NRK1: Søndag 22. januar

Dønnesfjord, Troms og Finnmark

Mette Roland og Arnfinn Roland gjer seg klar til å køyra 720 egg over fjellet på snøskuter i kuling og regn.

Mette og Arnfinn Roland gjer seg klar til å køyra 720 egg over fjellet på snøskuter i kuling og regn.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Mette og Arnfinn Roland har ein hårete 100-årsplan for Dønnesfjord: Å gjera ein karrig fjordgard på 70 grader nord grøn att. Men ikkje på den enkle måten.

For å få det til å spira brukar dei ikkje plog, men dyr: høner, geiter og tre ungarske ullgrisar. Ingen har prøvd slike alternative landbruksmetodar så langt nord.

Sjølv om eit brutalt arktisk klima gjer kvardagen krevjande, er Mette og Arnfinn ikkje i tvil om at dei vil få det til.

Medverkande: Mette Roland og Arnfinn Roland

NRK TV: 1. juledag (25. desember)

NRK1: Søndag 29. januar