Hopp til innhold
Info fra NRK

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu - sesong 20!

Frå 5. desember feirar vi 20-årsjubileum av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». I jubileumssesongen møter du menneske frå heile landet, unge og eldre, som står i ulike dilemma i liva sine. Det dei har felles er at dei lever nærare naturen og under enklare kår enn dei fleste.

Stemningsbilde fra Husøya i Nordland i sesong 20 av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Det er klart for ny sesong av den særnorske dokumentarserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» der du blant anna kan bli med til Husøya i Nordland.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Mange av forteljingane dette året handlar om kjærleik, kjærleik som brått ramlar inn i livet på merkelegaste viset, kjærleik som snur om på alt, og kjærleik som gjer at du kan bu langt frå folk sjølv om helsa ikkje er som ho var.

Programleiar Noralv Pedersen og hovedfotograf Torje Bjellaas.

Noralv Pedersen er programleiar, og Torje Bjellaas er hovudfotograf for programserien.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Under finn du ei kort skildring av kvart program, dei medverkande og sendedatoar.

Isnes, Viken

Episode 1: Marit Eckhoff og Frank Vigart Thune Eriksen i Isnes, Viken.

Marit Eckhoff og Frank Vigart Thune Eriksen.

Foto: TORJE BJELLAAS / NRK

For Frank Vigart Thune Eriksen er ishockey alt. Då livet på isen tek slutt, blir naturen redninga. Byguten flyttar ut i ei hytte utan straum og innlagt vatn i ein skog i Østfold – ikkje så langt frå Sarpsborg by, men veldig langt frå eit moderne urbant liv.

For å oppleva kjærleiken att er Frank redd han må gi opp det enkle, naturnære livet. Men det er før han møter Marit.

Deltakarar: Frank Vigart Thune Eriksen og Marit Eckhoff.

NRK TV: Søndag 5. desember.

NRK1: Søndag 5. desember.

Hille, Vestland

Episode 2: Eva Hägglund og Svein Jarle Vatnøy i Hille, Vestland.

Eva Hägglund og Svein Jarle Vatnøy.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Når skipper Svein Jarle Vatnøy blir enkemann på ei øy lengst vest i havet, ser det mørkt ut. Men ein dag kjem ein svensk hotelldirektør rekande på ei fjøl til Hille.

Deltakarar: Eva Hägglund og Svein Jarle Vatnøy.

NRK TV: Søndag 5. desember.

NRK1: Søndag 12. desember.

Lávvonjárga, Troms og Finnmark

Episode 3: Yngve Johansen i Lávvonjárga, Troms og Finnmark.
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Då Yngve Johansen seier opp ein god høgskulejobb og vender heim til eit audt, fråflytta nes i Tana, trur folk han er sprø. Men Yngve har sett verda. Og i tillegg har han skapt eit idrettseventyr.

Deltakarar: Yngve Johansen

NRK TV: Søndag 12. desember.

NRK1: Søndag 19. desember.

Julespesial: Øvre Brekkebakkane, Innlandet

Line Raunkjær og Tor-Evert Grøndal Johansen i julespesialen fra Øvre Brekkebakkane, Innlandet.

Line Raunkjær og Tor-Evert Grøndal Johansen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

I «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er det blitt tradisjon å laga ein julespesial.

I år vender me tilbake til Øvre Brekkebakkane, som me besøkte i 2019. Dette året skjer det store ting på småbruket. Der kjempar Tor-Evert Johansen for å byggja seg ein heim på ein ubebueleg høgdegard. Trass i all motgang gir han ikkje opp, men blir verande.

Tor-Evert Johansen er redd for å bli endå ein singel mann i Valdres. Men så kjem eit menneske til den forfalne høgdegarden. Det skal snu om på alt.

Deltakarar: Line Raunkjær og Tor-Evert Grøndal Johansen.

NRK TV: Søndag 19. desember.

NRK1: 2. juledag, søndag 26. desember.

Husøya, Nordland

Episode 5: Borgny og Roald Mathisen på Husøya i Nordland.

Borgny og Roald Mathisen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det skulle ikkje gå an, å bu åleine på ei isolert øy når ein er 82 og 93 år gamal og kroppane skrantar. Men det er rart kva ein maktar, når du har ein som er glad i deg, og som kan hjelpa deg. Nettopp det har Borgny og Roald Mathisen, i kvarandre.

Deltakarar: Borgny og Roald Mathisen.

NRK TV: Søndag 5. desember.

NRK1: Søndag 2. januar.

Merdø, Agder

Episode 6: Trond Helle på Merdø i Agder.

Trond Helle.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Sjølv om Merdø er «verdas vakraste øy», bur berre éin mann der heile året, Trond Helle. Dette året skal øya bli redninga for fleire.

Deltakarar: Trond Helle og Mathias Di Lorenzo Helle.

NRK TV: Søndag 12. desember.

NRK1: Søndag 9. januar.