Han har ei frynsete jakke og eit enda meir frynsete rykte.
Ein sjølvutnemnd alfahann. Enten han går baklengs opp Kilimanjaro eller byggjer ranch i Arkansas, bryr han seg ikkje om kva andre folk meiner om han.
I Cowboyen og kongen vert ein betre kjend med Arvid Mæland.
Foto: Erik Waage / NRKPå Jæren er Arvid ein folkehelt, men no har han teke over ein avsidesliggande fjellgard i Bjerkreim, ein stille sauekommune i Rogaland. Her er ikkje dei lokale like begeistra for den nye naboen.
Vil hogge ut kongen i fjellet
Den første ideen han lanserer er å hogge ut hovudet til Kong Harald i fjellet bak garden. Med på laget får han den livsglade milliardæren Sverre Garpestad, som vart verdskjend då han gjenreiste «Trollpikken». Så sender han 250 invitasjonar til bryllaup, sitt fjerde – utan å ha funne ei kone.
Arvid Mæland er ikkje ein heilt vanleg bonde.
Foto: Erik Waage / NRKMen som Arvid seier: «Om eg ikkje trur hundre prosent på dette sjølv, korleis kan eg forvente at andre skal tru på det?» Arvid bestiller catering, får ordføraren til å stå for vigsla og hentar inn sin faste forlovar, kunstnaren Ivan Storm Juliussen.
Ivan Storm Juliussen er Arvid sin faste forlovar.
Foto: Erik Waage / NRK«Cowboyen og kongen» er ein underhaldande og nær dokumentarserie om å vere tru mot seg sjølv, ikkje bry seg om jantelova og aldri gje opp.
Alle fem episodane er tilgjengeleg i NRK TV torsdag 15. september.