Hopp til innhold

Bedrag - skitne penger

Veke 17 NRK1 måndag 22. april kl 21.10 og i NRK TV.

Ein einsam bandeleiar, ein PTSD-ramma etterforskar og ei nedbrutt kvinne tek dramatiske val i jakta på eit meningsfylt liv.

Bedrag - skitne penger
Foto: DR

I denne sesongen følgjer vi Alf, Nicky og etter kvart, Anna.

Alf, som slit med søvnproblem etter å ha blitt skoten, har fått ny jobb i politiet si ekspertgruppe: Task Force Nørrebro. Han er ein systematisk skrivebordsdetektiv og kjem dårleg overens med dei nye kollegaene sine. Utfordringane hans blir desto større når han må leie operasjonen for å bryte ned Københavns narko-miljø.

På den andre sida av lova finn vi Nicky, som har avansert frå handlangar til kynisk storsmuglar. Han held fasaden, og kvitvaskinga av narkopengane går som smurt. Men privatlivet hans er ikkje lystig – kjærasten har forlate han og sonen er i fosterheim.

Seriens tredje hovudperson er Anna, som lenge har blitt trakka på både heime og på jobben. Ho får til slutt nok av både ektemann og arbeidsgjevar, og startar eit risikabelt bekjentskap.

Fleire danske aviser omtaler denne sesongen av Bedrag som seriens beste sesong.