Hopp til innhold
Info fra NRK

«Rikets sikkerhet»

Han fekk så streng straff som mogleg, 20 år, for spionasje for Sovjetunionen og Irak. Men gjorde Arne Treholt eigentleg noko som truga sikkerheita til landet vårt? Premiere 30. januar.

Arne Treholt som ung og gamal.

Arne Treholt hadde «alt»: Ei strålande karriere, kjendiskone og mange venner. Så mistar han alt. I 1985 blir han dømd i det som er den mest omtalte spionsaka nokosinne i Noreg.

Foto: Monster/NRK

Det nekta alltid Treholt for, men det var det han blei dømd for. I «Rikets sikkerhet», ein dokumentarserie i seks delar, blir historia rulla opp detalj for detalj. Serien har mange forskjellige førstehandskjelder med ulikt syn og tilknyting til saka. For første gong snakkar Barbara Verica og andre FBI-agentar som spionerte på Arne Treholt og kona i New York om kva dei gjorde, og korleis dei opplevde overvakinga. Tidlegare KGB-agentar er også intervjua.

Premiere: Søndag 30. januar i NRK TV og kl 21.10 på NRK1.

I serien får publikum også for første gang tilgang til tidlegare gradert materiale frå observasjons- og straffesaka, som dokument, brev og andre skriftlege kjelder, for eksempel dei etter kvart mykje omtalte 7. sans-bøkene til Treholt. Det var her i følgje POT alle dei hemmelege avtalene med KGB var oppført.

Mykje av det som skjedde den gongen er allereie kartlagt: «Kven, kor, når» er kjent, men framleis leitar vi etter svaret på «kvifor»: Kvifor dreiv ein framgangsrik person som Arne Treholt med hemmelege møte med etterretningstenesta til eit totalitært regime? Han var ei av Arbeiderpartiets unge stjerner, ein viktig byråkrat med karisma, talent og kontaktar over heila verda.

Var det pengane? Spenninga? Ønsket om å vere viktig? Eller var han aldri eigentleg spion i ordets rette forstand? Var han berre naiv og (kanskje) under press frå KGB, men likevel ein som aldri avslørte noko som sette norsk sikkerheit på spel? Det er det han alltid har hevda sjølv, og han vart dømd på grunnlag av indisium, ikkje konkrete bevis.

Den kalde krigen – relevant i dag?

Treholt-saka vart ein nasjonal verkebyll. I dag er det lettare å sjå på det som skjedde med meir distanse, og med denne serien kan vi forstå den nære fortida vår litt betre. Samtidig gir serien innsikt i etterretnings- og spion-spelet. Det er relevant i dag, for dagens forhold mellom aust og vest blir stadig kjølegare.

«Rikets sikkerhet» er produsert av Monster for NRK.

Dei to første episodane blir publisert søndag 30. januar. Deretter blir det publisert to og to nye episodar søndag 6. februar og søndag 13. februar.


Les også: Avhørene av Arne Treholt (Langlesing frå Dokumentar og samfunn)