Hopp til innhold
Info frå NRK

Påska på NRK: Kjendis­leik, Påske­labyrinten og britisk krim

NRKs påskeegg byr på krimseriar, påskelabyrint og påskenøtter, og på toppen av det heile: Eit splitter nytt program med Markus Neby, Påskekrimlekene.

Markus Neby poserer med eit kort det står «Påskekrimlekene» som er det nye programmet til Markus Neby

Markus Neby samlar kjendisar til konkurranse i hytteaktivitetar etterfølgt av mord i det nye programmet Påskekrimlekene.

Foto: Per Christian Lind

Dei som likte 24-stjerners julekalender, kan glede seg over ein ny reality med Markus Neby.

– Dette er eit program der kjente folk konkurrerer i å meistre den tradisjonelle påska på hytta, der dei som utfører oppgåvene dårlegast blir drepne på morbid vis. Dessverre! Eg har nemleg blitt tvinga til å gjennomføre desse leikane av ein mordar, forklarer programleiar Markus Neby, men legg fort til at tvangen er høgst unødvendig:

– Eg elskar jo å samle kjendisar og få dei til å utføre dumme konkurransar på TV rundt kristne høgtider!

Kvar dag får vi nye hint om mordaren, og publikum kan prøve å finne ut kven det er før hen tek av maska på påskeaftan.

– Det blir ein slags dum reality-TVs svar på påskekrim, Maskorama og gåtene vi kjenner så godt frå mjølkekartongane til Tine, lover Neby.

  • Påskekrimlekene har premiere 23.mars i NRK TV og på NRK1

Britisk krim

For mange høyrer det med til påska å sette seg godt til rette i sofaen og følgje ein detektiv som på omhyggeleg vis oppklarer mystiske mord og forsvinningar. På TV får vi gjensyn med kjente etterforskarar, og vi blir kjent med nokre nye.

Timothy Spall i rollen Peter Farquhar. Han ser ut til å vere i eit kyrkjerom og kikkar opp mot lyset med eit trist uttrykk.

Den verkelege Peter Farquhar levde aleine. Det er Timothy Spall som portretterer han i I famnen til ein mordar.

Foto: BBC/Wild Mercury/Amanda Searle

På NRK1 startar krim-påska med I famnen til ein mordar, ein kritikarrost britisk krim. Serien i fire delar er basert på ei sann historie frå 2017. Drapa på Peter Farquar og Anne Moore-Martin er ei av dei mest komplekse kriminalsakene i nyare britisk historie. Dei to hadde til felles at den hyggelege Ben Field kom inn liva deira. Tilsynelatande hyggelege, i alle fall.

Farquar og Martin døde med to års mellomrom, begge av forgifting. Spørsmålet og spenninga i den serien handlar ikkje så mykje om kven som stod bak, men kvifor Farquar og Martin vart drepne. Sjå traileren her

  • NRK1: Frå laurdag 23. mars kl. 21.30
  • NRK TV: Frå 22. mars.
Key art for Shetland: Ashley Jensen som DI Ruth Calder til venstre og Alison O’Donnell som DI ‘Tosh’ McIntosh til høgre, og i midten ein person med ryggen til som spring vekk.

Shetlands nye detektivar blir kalla ein power-duo av The Guardian: Ashley Jensen speler DI Ruth Calder og Alison O’Donnell gestaltar DI ‘Tosh’ McIntosh.

Foto: BBC / ITV

Det blir ny sesong av populære Shetland, og her er detektiven ny. Ashley Jensen har fått god mottaking i rolla som detektiv Ruth Calder. Etter mange år borte frå heimtraktene vender Calder tilbake til Shetland på grunn av eit sårbart vitne til eit gjengdrap. Sjå traileren her

  • NRK1: Frå måndag 25. mars ca. 21.10
  • NRK TV: Frå 22. mars.

Det blir også tre nye episodar av Vera, som får seg ny makker. Det vil seie, ny er han eigentleg ikkje, for det er Joe Ashworth, sist sett i Vera i 2015 (sesong 5) som vender tilbake. Han har jobba for Metropolitan Police in London. Det blir ikkje friksjonsfritt når han og Vera skal jobbe saman på ny.

  • NRK1: Frå torsdag 28. mars ca. kl. 21.10
  • NRK TV: Frå 22. mars.
Blue lights key art: Industrilandskap i bakgrunnen, politibetjentar i forgrunnen: Annie Conlon (KATHERINE DEVLIN), Grace Ellis (SIÂN BROOKE), Tommy Foster (NATHAN BRANIFF)

Politibetjentane i Blue lights er ferske i jobben og møter ein tøff jobbkvardag.

Foto: Steffan Hill / BC/Gallagher Films/Two Cities Television.

Blue lights er noko av det beste du kan sjå på TV i år, skreiv The Guardian om politiserien frå Belfast. Gjennom seks episodar følgjer vi tre politibetjentar som alle er nye i jobben: Idealistiske Grace, partnar Stevie med eit langt mørkare syn på verda og unge Tommy.

I tillegg til å skildre politilivet frå innsida, er serien også eit portrett av dagens Belfast. Den er realistisk, nyansert og uuthaldeleg spennande, ifølgje kritikarane. Eit nesten perfekt politidrama, konkluderte The Spectator.

  • I NRK TV frå 22. mars
  • NRK1: Frå mandag 1. april ca. kl. 21.10

Superkrim

Grønkledde NRK-profilar med ein ivrig Jon Almaas i front, flankert av Kristian Gislefoss, Perla og Live Nelvik, alle ganske oppgitte.

Vêrvarslar Kristian Gislefoss, Perla og Live Nelvik prøver å seie frå til ein miljø-gal og megairriterande Jon Almaas at nok er nok.

Foto: Geir Evensen / NRK

Det blir mykje latter og spenning for familien med Superkrim gjennom heile påska.

I første episode er Jon Almaas blitt leiar for eit grønare og meir miljøvennleg NRK. Han innfører strenge miljøtiltak og reglar og krev at alle tilsette følgjer desse. NRK skal nemleg bli Noregs grønaste bedrift.

Almaas høyrer dessverre ikkje på tilbakemeldingar frå andre, noko som irriterer programleiar Live Nelvik. Ho har måtte bli buss-sjåfør for å redusere biltrafikken. Men Nelvik er ikkje den einaste som begynner å få nok av Almaas, det er ein gryande motstand blant dei tilsette. Dermed er krimmen i gong!


Superkrim er spekka med kjente fjes, og i andre episodar kjem vi blant anna til å møte Selma Ibrahim, Markus Neby, Jørgine Vasstrand, Jonis Josef, Silje Nordnes, Ingerid Stenvold og Tore Strømøy, for å nemne nokre.

  • Superkrim i år består av 10 episodar og har premiere 23. mars.

Påsketrim for dei små grå

Påskelabyrinten 2023 i NRK TV

Siste gong med Viggo Valle: Etter årets Påskelabyrint takkar han for seg.

Kor ska vi reis’ hen? Dette spørsmålet har akkompagnert mang ein sein påskefrukost. I år kan du tillate deg litt sentimentalitet når Viggo Valle spør, for det er siste gong han leiar Påskelabyrinten.

Du kan følgje den intrikate quizen på både radio og TV og også teste om du er kjapp og kunnskapsrik nok til å komme i mål innan tida på Påskelabyrinten på NRK.no.
NRK P1 og NRK1: Frå måndag 25. mars kl. 10.05

Det blir tradisjonen tru Påskenøtter med Øystein Bache og Rune Gokstad, og i år er det faktisk 40-årsjubileum for programmet. NRK.no vil også ha sin variant av Påskenøttene.

  • Påskenøttene startar måndag 25. mars i NRK TV og på NRK1 kl. 19.40.

Ikkje nok med det, Klassequiz begynner på igjen siste søndagen i mars. Etter innleiande utslagsrundar på NRK P1 gjennom hausten 2023, samlar no Selda Ekiz 36 lag og 108 ungdommar i TV- studio for å konkurrere om kven som er dei smartaste tiandeklassingane i landet. Eitt lag går vidare frå kvart program til ein finale i det sjuande programmet.

  • Premiere søndag 31. mars på NRK TV og NRK1 kl. 19.45

Lyden av påske

21. og 22. mars er det premiere på ei rekke nye podkastar. Noko er fakta og noko er fiksjon, ein fellesnemnar er likevel kriminalitet.

I Hele historien blir det brutale Nokas-ranet rulla opp gjennom fire episodar. For akkurat 20 år sidan, i april 2004, vart Norsk Kontantservice (Nokas) i Stavanger sentrum rana for over 57,4 millionar kroner. Ein politimann blei drepen av ranarane, og tilfeldig forbipasserande vart vitne til skotveksling og biljakt.

  • I NRK Radio frå 21. mars

I Rød løype får du det perfekte lydsporet til hytteturen og slalåmbakken. I dette intense lyddramaet møter vi Ludvik, nytilsett preppemaskinsjåfør, på veg ned bakkane. Stormen rasar utanfor, og plutseleg køyrer han over nokon. Han ringer politiet. Personen under preppemaskina er utan tvil død, og etter kvart går det opp for Ludvik at vedkommande har vore det ei stund. Men vil politiet tru det?

Innestengd i preppemaskina, med Astrid som er innesnødd i varmestua på sambandet, må Ludvik finne ut kven liket er og korleis det har hamna der. Vil han og Astrid finne ut kva som faktisk har skjedd innan stormen er over og politiet kan komme fram for å arrestere Ludvik?

  • NRK Radio: 22. mars

Frå 22.03 kan du også høyre Nasjonalbibliotekets Dømt – skjebner fra middelalderen i NRK Radio. Dette er ein podkast om verkelege rettssaker som fann stad i mellomalderen, og om ulike sider av mellomaldersamfunnet. Podkasten er laga i samband med 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov i 2024.

  • NRK Radio: 22. mars

Dei som liker eit godt grøss kan glede seg over ein ny runde med Mysterier fra Norge, mens dei minste kan glede seg over nye podkastar med Brannbamsen Bjørnis og Fantorangenfortellinger.

  • NRK Radio: 22. mars

Tett på naturen

Jens Kvernmo og fire reinsdyr på ei stor grasslette under ein grå himmel.

I Mongolia rir dei ikkje berre på hest, men også på rein. Jens Kvernmo lever med og som urbefolkninga der.

Foto: Øyvind Nordahl Næss / Nordisk Banijay


Jens i Mongolia
er ei eventyrleg reise gjennom eit land der folk og natur imponerer om kapp med kvarandre.

På denne turen ønsker Jens Kvernmo å dykke ned i kulturen og lære av Mongolias urfolk, Tsaatan. Dei lever langt utanfor allfarveg og har mange kulturelle fellestrekk med samar.

Ein nyforelska Jens forlét eit ferskt forhold til fordel for Mongolias fantastiske øydemark. Med få førebuingar og lite kunnskap om hest og landet, kastar han seg på hesteryggen for å ri i vekevis over Mongolias ville stepper. Kanskje er dette hans siste store eventyr aleine?

  • Premiere måndag 1. april i NRK TV og på NRK1 kl. 19.45.


Dei hakkar, bankar og hamrar: Den iherdigaste snikkaren i skogen blir portrettert med lun humor og flotte bilde i naturdokumentaren Hakk hakk hakkespett.

Den vesle fuglen hakkar ut fleire hol enn han treng sjølv, til fordel for meiser, skogduer, små ugler, ekorn og andre. Og når kjærleiken skal finnast, gjeld det å hamre med høgast frekvens. Kanskje den rette er langt unna? Hakkespetten går ikkje av vegen for å hakke på metall heller, i søken etter størst resonans. Sjå ein smakebit her

  • NRK1: Onsdag 27. mars kl. 20.15.


Samisk MGP og ESC-oppvarming

Deltakere i Sámi Grand Prix 2024

Maret Inger Gaup Skum, Johánas Nutti Lampa, Ánndaris Rimpi, Lávre Johan Eira, Máret Rávdna Anti, Nils Ove Kuorak, Sivvu, John Steinar Bål, Ingá Máiiá Blind, Hanna Nutti, Cecilia Dyrøy, Simon Issát Marainen deltek i årets Sámi Grand Prix.

Foto: Dánil Røkke/Luke Meisel/Carl-Johan Utsi/Tomi Lampinen

Påskeaftan blir det musikkfest i Kautokeino. Då skal det konkurrerast i joik og song under Sámi Grand Prix. Deltakarane kjem frå Norge, Sverige og Finland, og konkurransen blir også sendt på SVT og YLE. Les meir om deltakarane og Sámi Grand Prix

  • Laurdag 30. mars kl. 19.50 i NRK TV og på NRK1.
Eleni Foureira på scenen under eit show med der ho nettopp har kasta på håret, så det er framleis i lufta. Bak henne er det fleire dansarar.

Eleni Foureira som deltok for Kypros i ESC er blant artistane i Ziggo Dome i Amsterdam.

Foto: NPO

ESC-fans kan sjå fram til ein hyllest til den internasjonale songkonkurransen frå Ziggo Dome i Amsterdam. Eit stjernespekka lag av tidlegare ESC-stjerner opptrer for 12.000 fans. Johnny Logan, Måns Zelmerlöw, Conchita Wurst, Keiino, Kääriä, Alessandra og Bobbysocks er blant artistane.

  • NRK1: Fredag 22.03 klokka 21.55


Religion og forkynning

I dokumentarserien Guddommelig mat utforskar dei to vennene Claus Meyer og Poul Joachim Stender forholdet mellom mat og kristendom. Dei reiser til Hellas og Israel på jakt etter maten og råvarene vi møter i Bibelen, som olivenolje, fisk, lam og brød.

  • Premiere torsdag 28.03 i NRK TV og NRK1 kl. 18.30.

I dokumentaren Jesus i Örkeljunga møter vi Nils og Oscar. Dei vil frelse den vesle bygda Örkeljunga. Samtidig lærer vi korleis dei sjølve fann Jesus.

  • Premiere langfredag 29. mars kl. 9.15 på NRK1.


Påska blir også markert med gudstenester og salmer på både radio og på TV:

  • Palmesøndag 24. mars blir det familiegudsteneste frå Hommelvik kyrkje i Malvik, Trøndelag på NRK P1+ og NRK1 kl. 11.
  • Skjærtorsdag 28. mars: Skjærtorsdagsgudsteneste frå Heimdal kyrkje i Trondheim (reprise) på NRK P1+ kl. 11.
  • Langfredag 29. mars: Pasjonsgudsteneste frå Hommelvik kyrkje i Malvik, Trøndelag kl. 11.00 på NRK P1+ og NRK1.
  • Påskeaftan 30. mars: Påskenattsmesse frå Peterskyrkja i Roma. Journalist Ove Gundersen og sokneprest i St. Olav domkyrkje i Trondheim, Egil Mogstad kommenterer. NRK2 kl. 22.00.
  • Første påskedag 31. mars: Høgtidsgudsteneste frå Hommelvik kyrkje i Malvik, Trøndelag. NRK P1+ og NRK1 kl. 11.00.


Det blir også gjensyn med Salmeboka minutt for minutt på NRK2, ekstrasending av Salmer til alle tider på NRK P1+ og som vanleg også Tro, håp og Lillesæter på NRK P1.