Hopp til innhold

Bjørn Eckblad blir ny rådgivar for kringkastings­sjefen

Bjørn Eckblad (56) er i dag tilsett som kommunikasjonsrådgivar for kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen.

Bjørn Eckblad som ser rett i kamera.

Bjørn Eckblad har lang fartstid frå mediebransjen.

Foto: NRK

Eckblad kjem frå stillinga som seniorrådgivar i Kulturdepartementet.

– Eg er svært glad for at Bjørn Eckblad har takka ja til å bli rådgivar i staben min. Med den sterke faglege bakgrunnen sin frå journalistikken og embetsverket, vil han bli ein styrke for heile NRK, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen.

Bjørn Eckblad var journalist i Dagens Næringsliv i perioden 1997-2019. Sommaren 2019 melde han overgang til Kultur- og likestillingsdepartementet, der han har arbeidd som rådgivar innan mediepolitikk og teknologirelaterte spørsmål.

Eckblad er utdanna ved journalistlinja i Volda og er i tillegg cand. mag. frå Universitetet i Oslo. Han har tidlegare jobba i avisa Varden i Telemark. Eckblad har tidlegare gitt ut to bøker, Radiokrigen (2009) med Svein Tore Bergestuen, og Se hva som skjedde. Historien om TV 2 (2012) med Gøran Skaalmo.

- NRK er ei av dei viktigaste medieverksemdene i Noreg, med utruleg mange dyktige folk. Derfor er det ei spennande utfordring å bli ein del av dette laget. Samtidig blir det vemodig å forlate departementet og alle dei flinke og hyggelege kollegaene der, seier Eckblad.