Hopp til innhold

Testa sjølvkøyrande lastebilar

Lastebilar køyrde rundt på ferjekaien i Moss – utan hjelp frå sjåføren. Det kan likevel vere ei stund til teknologien treffer norske vegar.

En stor lastebil står parkert utenfor en bygning

Lastebilar utan sjåfør kan vere framtida. Hjelpemidla som skal hjelpe utan sjåfør, blei testa på kaien i Moss førre veke.

Foto: Jan Kenneth Bråten / NRK

– I dag testa vi avanserte system for at bilar og tungtransport skal kunne oppdage mjuke trafikantar og bilar som kjem, og unngå farlege situasjonar.

Det fortel Bjor Grønnevet, prosjektleiar i Statens vegvesen.

portrett av mann foran lastebil

Bjor Grønnevet frå Statens vegvesen observerte testen i Moss førre veke.

Foto: Jan Kenneth Bråten / NRK

Torsdag 19. juni køyrde ein lastebil rundt på ferjekaien i Moss.

Bak rattet sat det ein sjåfør, som ikkje gjorde anna enn å observere.

I bilen var ny teknologi, som er i stand til å lese trafikkbildet, registrere farar og tilpasse køyringa, heilt utan innblanding frå sjåføren.

Samarbeid mellom åtte land

Informasjonen som blir registrert blir send vidare til andre lastebilar, som også kan gå førarlause.

Testen førre veke er ein del av EU-prosjektet MODI der bilprodusentar, transportbransjen og teknologimiljø jobbar for meir effektive logistikkløysingar.

Samarbeidet inkluderer åtte land og har budsjett på 28 millionar euro.

Partnarane for prosjektet inkluderer blant anna Østfold fylkeskommune og Moss hamn.

Klistremerker med teksten "Modi" og "Co-funded by the European Union".

Prøveprosjektet er eit resultat av eit europeisk samarbeid.

Foto: Jan Kenneth Bråten / NRK

Målet er at fleire lastebilar i framtida skal kunne ta i bruk teknologi som gjer at dei kan køyre utan sjåfør.

– Vi jobbar med å ta i bruk moglegheitene som allereie ligg i digitalisering og automatisering av enkeltfunksjonar. Det er ei førebuing mot full sjølvkøyring, forklarer Lone Eirin Lervåg, senior prosjektleiar i Intelligente Transportsystemer og -tenester (ITS).

Portrett av kvinne foran parkeringsplass med biler

Lone Eirin Lervåg frå Intelligente Transportsystemer og -tenester (ITS) var til stades under testen førre veke.

Foto: Jan Kenneth Bråten / NRK

I mellomtida skal teknologien fungere som støtte til sjåførane.

Les også Selvkjørende biler klare for Oslo

Slik ser den selvkjørende bilen fra Ruter ut. Den er rød, og ligner en ordinær personbil.

– Trur ikkje det er rett rundt hjørnet

Leiar for lastebileigarforbundet i Østfold, Erik Graarud seier at han ser for seg at teknologien kan fungere på avgrensa område, men at det vil vere ei stund til sjølvkøyrande lastebilar er normalen.

– På mindre område som kaien i Moss, kan det fungere fint. Men på landevegar er det nok lenger unna, meiner Graarud.

Erik Graarud står foran to lastebiler. På den ene kan logoen til Graarud Fredrikstad Transportforum.

Erik Graarud, leiar for lastebileigarforbundet i Østfold, meiner det er langt fram til sjølvkøyrande lastebilar tar over tungtransporten.

Foto: Benjamin Vorland Andersrød

Han trur også det vil det vere utfordringar med vêr og klima, spesielt om vinteren.

– Eg trur det er lenge til ein sender ein bil til Bergen frå Østfold. Det hadde vore moro å sjå kven som legg kjetting oppå Hemsedal midt på natta i snøstorm, seier Graarud.

Ikkje utan problem

Sjølv om det er lovande resultat frå forsøket torsdag, blei det tydeleg at teknologien framleis har nokre steg igjen før vi får fullstendig sjølvkøyrande bilar på norske vegar.

Under forsøket kolliderte traileren nesten med ein passerande bil som ikkje blei plukka opp av systemet.

I tillegg til forsøket på kaia gjennomførte Vegvesenet ein test på E6 natt til 18. juni.

Mens to lastebilar låg i 80 kilometer i timen, sende Vegvesenet ut eit varsel om at ei fil blei stengd. Deretter måtte dei to bilane forhandle om kven som skulle vike.

Ifølge Grønnevet fungerte begge testane svært godt.

– Sikkerheit er det viktigaste for oss i Statens vegvesen. Her blei ingen skadde og vi fekk lært mykje til neste gong, fortel prosjektleiaren.

Likevel vil det vere ei stund til vi ser bilar heilt utan sjåfør på norske vegar.

– Fullstendig sjølvkøyrande bilar er mange år unna, meiner Grønnevet.

Les også Blir stengt for tungtrafikk: – Fjern asfalt i staden!

En tung lastebil på Fredrikstadbrua

Flere nyheter fra NRK Østfold

En leder i selskapet First Wap under en sikkerhetskonferanse

Her legger overvåkingssjefene en plan de selv innrømmer er i «en mørk gråsone»

Grunnstøting Svinesund, skipet avbildet med kaptein.

Kaptein om grunnstøtingen: – Vi så ingenting