Hopp til innhold

Streiken er over

Streiken i kommunesektoren er over etter eit meklingsmøte mellom dei streikande og KS i føremiddag. I Oslo held streiken fram, men det er venta ei løysing i dag.

Jan Davidsen, Dag Nafstad, Helga Hjetland og Olav Ulleren

Leiar i Fagforbundet Jan Davidsen, meklingsmann Dag Nafstad, Helga Hjetland frå Utdanningsforbundet og KS-leiar Olav Ulleren på kontoret til meklingsmannen etter at løysinga var i boks.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Meklingsmann Dag Nafstad kalla inn partane til møtet klokka 10. Mindre enn ein time etter var partane samde om ei løysing.

11.200 Unio-organiserte har vore i streik sidan 23. mai, men i morgon skal alle tilbake på jobb frå klokka 6.

NETT-TV: Streiken er over - men Oslo held fram

NETT-TV: Kyrre Nakkim: - Eit mageplask for Unio

NETT-TV: Steinar Mediaas: - En seier for fornuften

NETT-TV: Geir Helljesen: - Får ikke mer penger

LES: Sjekk kvar det har vore streik

LES: Dette er partane samde om

KS lovar lærarar og helsepersonell ekstra pengar dei neste åra for å sikre lønnsutviklinga.

Begge partane er samde om at lønnsnivået og lønnsutviklinga må bygge opp under prinsippa til Likelønnskommisjonen.

- Viktig streik

- Vi har fått pengar som vil bli utbetalt neste år og i 2010 dersom det viser seg at medlemmane våre ikkje har like god lønnsutvikling som andre tilsette i kommunar og fylker, seier Unio sin streikeleiar Helga Hjetland.

Avtalane med dei andre arbeidstakarorganisasjonane, som vart klare for 12 dagar sidan, blir ikkje påverka av løysinga med Unio.

Dei lokale tillegga som allereie har kome på bordet, blir gjennomførde uavhengig av avtalen ein no er samd om.

- Det har vore ein viktig og nødvendig streik. Vi har fått stadfesta at utdanning skal løne seg, seier Hjetland.

Granskar lønnsutviklinga

Unio meiner at utdanningsgruppene er avgjerande for å bygge opp kommunale tenester av høg kvalitet.

– Utan eit lønnsnivå og ei lønnsutvikling som er eigna til å rekruttere og halde på medlemsgruppene våre, vil viktige tenester som barnehage, skule, kultur og helse forvitre, seier Hjetland.

Dersom det ikkje hadde kome ei løysing i dag, hadde 2.500 nye lærarar og helsearbeidarar gått ut i streik frå i morgon.

Framleis streik i Oslo

Partane er ikkje samde om korleis årets oppgjer slår ut for dei ulike utdanningsgruppene. Det er derfor sett ned eit utval som skal følgje lønnsutviklinga for skuleverket og utdanningsgruppene i kommunesektoren.

På den måten skal ein realisere målsettingane om å behalde og rekruttere kompetente medarbeidarar. Ein skal sikre medlemmane til Unio ei lønnsutvikling som er på nivå med andre grupper i kommunal sektor.

I Oslo er det framleis streik, men meklingsmannen vil kalle inn til meklingsmøte i dag. Det ligg an til at det blir ei løysing også her.

- Sjølv om det er ei løysing i KS, har vi enno ikkje hatt kontakt med Oslo kommune, seier Ellinor Gilberg, streikeleiar for Unio i Oslo.

LES: Alt om lønnsoppgjeret