Begge selskapa har fått vurderinga BB, og Fitch meiner framtida ikkje ser lys ut for dei to selskapa.
– Nedgraderinga viser at Panasonic har svakare marknadsutsikter, spesielt når det gjeld fjernsyn, heiter det i vurderinga.
Søppelstatus
Når det gjeld Sony seier Fitch at selskapet har mist si leiande rolle på viktige område. Sony vart nedgradert tre hakk til BB, som nyheitsbyrået AFP karakteriserer som søppelstatus. Panasonic vart justert ned to hakk.
Tidlegare denne månaden vart ein annan japanske elektronikkgigant, Sharp, også nedgradert til BB. BB-statusen betyr at Fitch ikkje ser på desse selskapa som ei trygg investering.
Den japanske elektronikkindustrien har hatt store problem med å konkurrere på pris med land som Sør-Korea og Taiwan, som har langt lågare kostnadsnivå enn Japan.
Strid med Kina
Eit anna problem er at krangelen med Kina om nokre omstridde øyar har ført til at kinesiske forbrukarar, ein stadig veksande marknad, i stor grad har boikotta japanske varer.
Den japanske valutaen yen har vore svært sterk den siste tida, sjølv om valutaen er litt svekt dei siste dagane. Dette førde i dag til at den japanske Nikkei 500-indeksen enda på sitt beste resultat på eit halvt år.
Både Panasonic, Sony og Sharp har varsla store omstruktureringar og nedskjeringar i arbeidsstokken.