Hopp til innhold

Skjer i sjøen for havmøller

Noreg bør bli storeksportør av miljøvenleg energi, meiner ei faggruppe som tilrår å byggje havmøller for å utvinne energi frå vind. - Det vil ta tid, seier energiministeren.

Flytande vindmølller til havs

Potensialet er stort på land og enormt når det gjeld havmøller. Men foreløpig er vindkraftproduksjonen her i landet puslete.

Foto: Illustrassjon: Solberg production/Hydro

Noreg bør gå frå å vere ein oljenasjon til å bli storeksportør av miljøvenleg energi - men førbels klarer vi ikkje å forsyne oss sjølve.

Noreg er fantastisk rik på naturressursar. Ikkje berre olje og gass, men også vatn og ikkje minst vind. Potensialet er stort på land og enormt når det gjeld havmøller. Men førebels er vindkraftproduksjonen her i landet puslete.

Sway vindmølle

Havmølle av typen Sway. Foreløpig er støtteordningane som skjer i sjøen for satsing på vindkraft.

I vinter vart Energi 21-gruppa sett ned av olje- og energidepartementet, og er sett saman av folk frå næringslivet, forskarar og styresmaktene. Gruppa konkluderer med at Noreg bør løfta blikket og satsa på å bli storeksportør av miljøvenleg energi.

- Det viktigaste er å få i gang ein massiv produksjon av havenergi, i dette tilfellet i hovudsak vind, som vi kan eksportere til Europa, seier leiar i den offentlege energi-gruppa, Sverre Gotaas til NRK Nyheter.

- Må lære krype før vi kan gå

Men havmøller ligg langt fram i tid. Det innrømmer også Olje- og energiminister Åslaug Haga.

- Vi har ikkje kome langt når det gjeld vindkraft på land i Noreg, men vi er i gong. I tillegg har vi no løyva dei første pengane til ein pilot for offshore vindkraft. Vi veit at det ligg fleire søknadar i løypa. Men det er mange av forskarane som seier at vi må lære å krype før vi kan gå, seier energiminister Åslaug Haga.

- Vi må få til ei utvikling som går i frå vindmøller på land, til at dei er blaute på beina og ligg rett utanfor kysten, og til slutt då til havs, seier energiminsteren til NRK Nyheter.

For dårlege støtteordningar

Sjølv om vi har dei beste forholda i Europa, forsyner vi i underkant av 50 000 husstandar med vindkraft i dag. Planar vert lagt vekk, fordi støtteordningane er for dårlege.

- Det er så enkelt at viss vi ikkje får betalt for den straumen vi produserar, så vil vi heller ikkje produsere den, og då byggjer vi heller ikkje ut, seier Sverre Gotaas.

Fnys av målsetninga

Men generalsekretæren i norsk vindkraftforening, Norwea, fnys litt av målsetninga om at Noreg skal bli ein storeksportør av miljøvenleg energi.

- Hyggeleg at ein meiner det, men då må vi sjå korleis vi skal gjere det, seier generalsekretær Øyvind Isachsen.

Han meiner at det er fullt mogeleg med våre enorme naturressursar, men ikkje slik som rammevilkåra er i dag.

- Det er ikkje mogeleg viss vi ikkje har eit regime som gjev oss mogelegheit til å byggje ut den krafta, seier han.

Åslaug Haga

Energiminister Åslaug Haga innrømmer at havmøller ligg langt fram i tid.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Statsråd Haga er fullstendig klar over kva vindkraftnæringa meiner om støtteordninga.

- Eg er kjend med utfordringene som ein har, og eg har også tidlegare sagt at vi skal ha ein gjennomgang av ordningane våre på fornybar-området. Det inneber at vi også må sjå på vindkraft, avsluttar energiminsteren.

Enorme mogelegheiter

Potensialet for havmøller er 14 000 terrawatt-timar. Til samanlikning brukar vi i Noreg i dag omlag 126 twh straum i året. Under ein twh av dei er vindkraft.

Ein terrawatt-time forsyner omlag 50 000 husstandar med straum.

EU har som mål å ha 20 prosent fornybar energi innan 2020, det betyr at dei treng minst 600 twh med fornybar energi.