Hopp til innhold

No kjem skattelistene

NRK.no legg ut skattelistene for 2008 onsdag 21. oktober.

Skattelister 2008
Foto: Grafikk: nrk.no

I NRK sine skattelister for 2008 kan du sjå korleis inntekt og formue er fordelte i landet. Du kan sjekke kor mykje du sjølv har tent, kor mykje andre du kjenner tente, eller di lønn i høve til andre i same årgang eller på same staden.

Det er Stortinget som i lov har vedteke at skattelistene skal leggjast ut til offentleg gjennomsyn. Grunnen er at samfunnet skal kunne utøve kontroll med arbeidet til likningsetaten og sjå resultatet av vedtaka for personlege skattytarar og selskap.

Likningslova seier at det berre er mediebedrifter som kan få skattopplysningane utleverte i elektronisk form.

Her på nrk.no si nettside vil du same dagen få tilgang på data frå skattoppgjeret i ein søkbar database. Databasen blir opna for søk tidleg om morgonen onsdag 21. oktober.

Skattelistene kjem kvar haust, etter at skatteoppgjeret er klart for alle skattytarar. Likevel må dei første tala som kjem takast med visse atterhald.

Dette finn du i skattelistene:

Skattelistene inneheld opplysningar om personar og selskap som har fått utrekna skatt for 2008.

  • Førenamn, mellomnamn, etternamn på skattytarar
  • Fødeår
  • Bustad
  • Nettoinntekt
  • Nettoformue
  • Utlikna skatt

Dette er ikkje med:

  • Opplysningar om personar med sperra adresse etter lov om folkeregistrering
  • Opplysningar om personar der opplysingane som inngår i skattelista kan røpe eit klientforhold (sjukehus, fengsel og liknande)
  • Opplysningar om personar utan fast bustad (adresse)

Skattelistene viser ikkje eksakt kva alle i Noreg har i reell inntekt og formue. Det som kjem fram i skattelistene er skattemessige tal på inntekt og formue (dvs inntekt/formue minus frådrag). Dei verkelege tala kan avvike mykje frå det som kjem fram i skattelistene, særleg for dei som eig firma. Tala bør difor takast med ei klype salt.

Kan ein reservere seg mot å stå i skattelista?

Skatteetaten opplyser at det ikkje er mogeleg å reservere seg mot å stå i skattelista. Dette gjeld både skattelista som skatteetaten sjølv offentlegjer på si heimeside, skattelista som blir lagt ut på skattekontoret og skattelista som blir distribuert til media.

Foreløpige tal

Det er viktig å være merksam på at skattetala som kjem i oktober ikkje er endelege. Til dømes vil tala kunne bli endra som følgje av klager på likninga. Klagefristen er tre veker frå kunngjeringa.

NRK sine skattelister blir oppdaterte inntil fire gonger i året, når skatteetaten oppdaterer sine lister. Første oppdateringa kjem på nyåret.

På likningskontoret i 3 veker

Skattelista for kvar einskild kommune ligg til gjennomsyn på kommunen sitt skattekontor i tre veker frå 21. oktober. I tillegg offentleggjer Skattedirektoratet tala på Internett i den perioden skattelistene ligg ute på skattekontora. Skattelista på Internett inneheld dei same opplysningane som listene på skattekontora.

Søk i listene for tidlegare år:

Tala frå 2006 og 2007 er framleis tilgjengelege på nett, men i åra før blei listene trekte attende etter at dei hadde lege ute i tre veker. Det er det politiske fleirtalet på Stortinget som avgjer om listene skal være opne, gjennom vedtak i likningslova.

Grafsing eller viktig offentleg informasjon?

Steinar Mediaas

Steinar Mediaas

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

Offentleggjering av skattelistene er omstridd. Nokre meiner at listene har liten verdi og berre stimulerer folk sin trang til kikking. Andre igjen ser skattelistene i ein demokratisk tradisjon der den einskilde sitt bidrag til fellesskapet blir synleg.

Det blir og hevda at offentlege skattetal kan styrkje den kritiske debatten om skattesystemet, til dømes ved å vise samanhangen mellom skatteevne og faktisk skatt.

Dåverande økonomiredaktør Steinar Mediaas skreiv i fjor denne kommentaren om årsaken til at NRK vel å leggje ut skattelistene: Kikkehull til naboens lommebok?