NRK Meny
Normal

Rådyr bensin i sommar

Alt nå ser vi at bensinen er blitt dyrare, men ifølge analytikarar NRK har tala med, er dette berre byrjinga.

bensin
Foto: Rusty Kennedy / AP

Det kjem til å bli ein reprise av det vi har sett dei siste 5 åra med høgare sommarbensin med  minst 13 kroner literen og kanskje meir enn det.

Mange trur at grunnen til høgare bensinpris er den høge oljeprisen vi har for tida, nærare 70$ fatet for Nordsjøolje, men det er å snu argumenta opp ned.

Frykt for bensinmangel i USA

I dag er det i vesentleg grad frykt for bensinmangel i USA som dreg prisen på råolje opp.

USA er den største forbrukaren av olje i verda. Kvar dag brukar USA meir enn 20 millionar fat olje, og nær halvparten av dette; 45% går til bensin.

Problemet for USA, og nå også for dei fleste andre land i verda, er at raffeneria ikkje klarer å laga nok bensin. Det fører til eit underskot som dei må erstatta med import. Men når raffenrikapasiteten i heile verda er forliten, betyr det at importert bensin blir dyr, og dermed stig prisane til forbrukar.

I dag går raffeneria over heile verda for fullt, og dermed aukar faren for uhell og nedstengingar. Alt dette gjer at spesielt den amerikanske bensinmarknaden nå er "nervøs". 

Bensinpris i Noreg 

Prisbiletet for bensin her i landet er litt meir komplisert, sjølv om vi følgjer prisane på verdsmarknaden. For det første fører den høge prisen på Nordsjøolje til at krona vår blir sterkare. Og sidan all handel med olje og bensin i verda reknast i amerikanske dollar, så får vi litt meir bensin for kvar krone. Dette demper heilt tydeleg ei sterkare prisstigning på bensin her i landet.

Men ei sterkare krone mot amerikanske dollar er ikkje nok til å stansa ein vesentleg prisauke også hos oss. Vi kjem til sjå bensinprisar på minst 13 kroner literen om kort tid, trur våre oljeanalytikarar.

Oljeprisen framover

Bensinprisen dreg med seg oljeprisen. Saman med geopolitiske årsaker, som t.d. Iran sitt atomprogram og ein anstrengd balanse mellom produksjon av olje og etterspurnad i verda, så kan det gå mot ny prisrekord for Nordsjøolje.

I  fjor sommar var oljeprisen 78 $ fatet på sitt høgaste.Den rekorden kan bli sletta i sommar, trur oljeanalytikar Arnstein Wigestrand i Enskilda.