Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland offentleggjorde avgjerda fredag ettermiddag.
Før helga blei det klart at P4 ikkje får fornya konsesjon til å drive kommersiell riksradio frå 2004. Konsesjonen går i staden til Kanal 4, opplyste kulturminister Valgerd Svarstad Haugland på ein pressekonferanse fredag ettermiddag.
P4-aksjen steig på Oslo Børs like før stengetid fredag. Då var det venta at P4 framleis skulle få ha konsesjonen.
Mandag blei aksjen seld for rundt 3,00 kroner, medan sluttnoteringa fredag var på 12,20 kroner.
Fredag blei børsverdien til P4 vurdert til 393 millionar kroner. Aksjefallet inneber at verdien er redusert med rundt 295 millionar kroner, til i underkant av 100 millionar kroner.
Innsyn
Radiokanalen har kravd innsyn i alle saksdokumenta i samband med at konsesjonen blei gitt til Kanal 4.
Svarstad Haugland seier at leiinga i P4 skal få dei dokumenta dei har krav på i samband med ein anke av konsesjonssaka. Konsesjonsvedtaket har ein klagefrist på tre veker.
- I Kulturdepartementet har vi vore førebudde på reaksjonen, seier Svarstad Haugland. Ho vil ikkje kommentere om P4 også vil få tilgang til rapporten som konsulentfirmaet eScienza har gjort for departementet om økonomien i dei ulike konsesjonssøknadene.
Bak Kanal 4 står Adresseavisen, Fædrelandsvennen, Agderposten, Gudbrandsdølen Dagningen, Mediehuset Vårt Land, NTB, og Harstad Tidende Gruppen der Schibsted eig rundt 40 prosent.
Tidlegare P4-direktør Svein Larsen og investor Tharald Brøvig er også knytta til prosjektet.
Som P4 skal også Kanal 4 Norge ha hovudkontor på Lillehammer.
Avgjerande søksmål
Aksjesjefen i Dnb Markeds, Sveinung Hardtvedt, meiner søksmålet som P4-leiinga har varsla mot staten, vil vere ein av faktorane som avgjer kva som skjer vidare med aksjen.
- Det er klart at dei vil jobbe for å få omgjort vedtaket. Det er nok derfor askjen ikkje fell endå meir enn han gjer, seier Hardvedt til NRK.
- 75 prosent er sjølvsagt stort fall, men det er framleis 3 kroner igjen av verdien. påpeikar Hardvedt.
Skuffa
P4-leiinga er svært skuffa over børsutviklinga for aksjen.
- Noteringene i dag viser kva skandale dette vedtaket representerer, seier informasjonsdirektør Ole Tom Nomeland i P4 til NTB.
- Valgerd Svarstad Haugland har med eit pennestrøk lagt ned ein av verdas største kommersielle radiosuksessar, teke favorittkanalen frå to millionar lyttarar, og no altså rasert verdiane til over 1000 aksjonærar, derav over 900 norske småspararar, seier han.
Nomeland stiller på vegne av P4-leiinga seg spørjande til om dette er ein nærings- og finanspolitikk som Høgre, det største regjeringspartiet, kan stå ved.
- I tillegg får dette store konsekvensar for omdømet til landet vårt internasjonalt, sier Nomeland.
Storinvestor og styremedlem i P4, Endre Røsjø, var likevel ikkje meir avskrekka enn at han kjøpte 30.000 aksjar gjennom sitt eige selskap, Centennial. Røsjø og den svenske eigarfamilien Stenbeck fekk likevel aksjeverdiane sine i selskapet reduserte med 37 og med heile 92 prosent.