Hopp til innhold

NRK sel fotballrettar

NRK sel sin del av rettane til å syne fotball-VM neste sommar til Viasat.

Tyskland mot Sverige i fotball-VM i Tyskland 2006
Foto: CHRISTOF STACHE / AP

Salet vert stadfestar av kommunikasjonsdirektør Sigurd Sandvin i NRK.

- 2010 vert eit hendingsrikt år med store kostnader knytt til OL i Vancouver og Eurosong-finalen, seier Sandvin om årsaka til VM-salet.

- Det er viktig at vi ikkje sender heile Eurosong-rekninga til lisensbetalarane, legg han til.

Salet kan innebere at halve fotball-VM i Sør-Afrika vert flytta til ein betalkanal.

Må betale for VM-kampar

Saman med TV2 sat NRK i utgangspunktet på rettane til fotball-VM i Sør-Afrika i 2010.

No er NRK-delen av rettane selde til Viasat. Samstundes er det klart at Viasat startar opp ein eigen fotball-kanal. Dette vert ein betalingskanal.

Ifølgje sportssjef Stian Kleppo i Viasat er ikkje fordelinga av kampane klar enno, men hjå Viasat kjem nokre av kampane til å sendast på Viasat Fotball og nokre på Viasat 4.

- Viasat Fotball vert lansert 15. september som ein betal-kanal,ein del av Viasat Sport-pakken. Denne vert altså lansert fyrste speledag i Champions League, seier han.