Mats Jansson ny SAS-sjef

Svenske Mats Jansson (54) er tilsett som ny konsernsjef i SAS etter Jørgen Lindegaard, som gjekk av i august.

Mats Jansson blir ny konsernsjef i SAS
Foto: Mats Andersson / SCANPIX / SCANPIX

Mats Jansson er svensk og kjem frå stillinga som konsernsjef og styreleiar i Axel Johnson AB, eit selskap med ei omsetning på 43 milliardar kroner og med 14.000 tilsette i 25 land.

Han har vore leiar i fleire store svenske og internasjonale selskap som Bilia, Axfood og Fazer.  

Han er gift, har fire born og er busett i Stockholm.

Mats Jansson skal ta over sjefsstolen i SAS frå 1. januar neste år.

SAS-gruppen har sidan august vore leidd av Gunnar Reitan, som er visekonsernsjef i gruppa.