Hopp til innhold

Lovar ikkje lenger englekontakt

Prinsesse Märtha Louises engleskule lovar ikkje lenger at elevane skal få kontakt med englar, etter at fleire har kritisert skulen for brot på marknadsføringslova.

Prinsesse Märtha Louise
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

No heiter det at ein skal forsøke å få kontakt med englar.

Teksten på skulen si nettside vart omformulert i går, ifølgje Aftenposten.

Les også:   Astarte Education si nettside

Ingen himmelske mirakel

Gjennom helgekurs skulle ein ifølgje nettsida få lære å skape himmelske mirakel i livet sitt.

No heiter det berre at ein skal søkje kontakt med englane. Men ein skal framleis søkje å skape himmelske mirakel, men det vert ikkje lenger gjeve noko garanti for at så skal skje.

Lovbrot

Endringa av formuleringa på nettsida kjem dagen etter Tryve Hegnar kritiserte Märtha Louise for å love meir enn ho kan halde.

Han viste til marknadsføringslova, som har eit forbod mot slik reklame.

Forbrukarrådet har så langt motteke to førespurnader frå publikum knytta til marknadsføringa av Astarte Education.

Neste veke vil ombodet ta stilling til kva som skjer vidare i saka.

Fulle klasserom

Prisen på englekursa er framleis 24 000 kroner for eitt år, og det skal vere fullt før skulestart.

Engleskulen skal etter planen starte om to veker.