Hopp til innhold

Krabbe er god butikk

Omsetninga aukar og kundane betalar. No trengst det fleire fiskarar.

Tener gode pengar på krabbe

Krabbar er god butikk for Hitramat på Fjellværøya.

Foto: Øyvind A. Haram / NRK

 - Vi kan gjerne ta i mot meir. Då lyt vi fyrst finne fleire fiskarar.

På kaikanten hjå Hitramat på Fjellværøya på Trøndelagskysten står Frode Arntsen. Han er produksjonssjef hjå det som i dag er Europas største leverandør av krabbe.

- Det har gått ein veg sidan vi bygde om og satsa nytt for seks år sidan. Dessutan ligg krabben der langs kysten. Det er berre å fiske, seier han.

 

Gode framtidsutsikter

Mange fleire kan satse på krabbe, meier Frode Danielsen.

Frode Arntsen er produksjonssjef på Hitramat.

Foto: Øyvind A. Haram / NRK

Krabbeforskar hjå Havforskingsinstituttet,Knut Sunnanå, er samd i ytringane som kjem frå Trøndelag. Forskarane har god kontakt med fiskarar langs kysten, som gjev gode tilbakemeldingar.

- Sjølv om vi i dag faktisk har like stort uttak som rett etter krigen, ser det lyst ut. 6000 tonn krabbe vert i dag omsett frå Vestlandet og nordover. Særleg på Helgelandskysten er framtidsutsiktene gode, seier han.

Klimaendringane kan og gjere sitt til at krabben trekkjer nordover. I dag er det Trøndelag som er primærområdet for taskekrabben. Her er det mange om beinet, lenger nord er det derimot færre fiskarar som set teiner i sjøen.

Et meir krabbe

Det er stor eterspurnad etter krabbar.

Krabbar i overflod ved Hitramat.

Foto: Øyvind A. Haram / NRK

Den åttefota raude krabaten er attraktiv delikatesse både i Noreg og utanlands. Sidan i fjor har omsetninga auka med 20 prosent. Det finst i dag om lag seks ulike produsentar. Kjøper du krabbe i butikken er det 80 prosent sjansen for at det er Hitramat som har pakka krabben i emballasjen.

- Vi er nok størst fordi vi bygde om og satsa friskt. Likevel eg vil nok seie at det er ei framtid for fleire og større produsentar. Vi nærmar oss toppen av det vi kan produsere, så her er et berre for andre å satse, seier Frode Arntsen.

Treng fleire fiskarar

Tradisjonelt har det vore få fiskarar som satsar i krabbenæringa. Fiskarane har meir brukt krabben som attåtnæring. Dette er i ferd med å endre seg, meiner både forskarar og produsentar

- Ein av leverandørane våre tente 700.000 på få månadar i fjor. Det må då vere grei halvårsbetaling, humrar Frode Arntsen.

Forskar Knut Sunnanå seier også at det ikkje vil vere vanskeleg for nye å satse.

- Eg trur det vil vere mogleg for langt fleire å prøve seg som krabbefiskar.

 

Det går for fullt i produksjonen av krabber i Hitramat.

Produksjonen går på høggir for å få krabbane ut til forbrukarane.

Foto: Øyvind A. Haram / NRK