Hopp til innhold

Kårstø opnar utan reinsing

I dag er det offisiell opning det første kommersielle gasskraftverket i Noreg, på Kårstø i Rogaland. Men tidligast om drygt fire år er eit reinseanlegg på plass.

Kårstø
Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

 - Det viser jo veldig tydeleg problemet med at politikarane ikkje tør å krevja full rensing frå dag ein på alle gasskraftverk, seier Bård Lahn, leiar i Natur og Ungdom som har kjempa mot gasskraftverket på Kårstø i over ti år.

Men etter mange rundar - og mange demonstrasjonar fekk til slutt Naturkraft bygga gasskraftverk utan reinsing. noko som fekk regjeringa Bondevik til å rydda pultane sine og gå for sju år sidan.

Tala varierer

Når utsleppa på sikt likevel skal rensast er det staten som tek rekninga. Kor stor den blir er høgst ussikert. Tala varierer frå halvannan til fem milliardar kroner. Planen er å ta ei investeringsavgjerd sommaren 2009, og at reinseanlegget skal vera på plass ved årsskiftet 2011/2012, seier prosjektdirektør Ole Rønning.

Det er så fort som det kan gå, er konklusjonen i ein studie frå NVE.

Pengar på bordet

Men for å unngå forseinkingar må det pengar på bordet i statsbudsjetta framover seier Bård Lahn.

- Me må berre håpe at regjeringa gjer alt ho kan for å sørge for at reinsinga kjem på plass så snart som mogleg og løyver dei pengane som trengs, seier Lahn.

Avskilting

Kårstø har alt produsert dei første kilowatt-timane med straum. Planen er at dei skal produsera 3,5 terawatt-timar i året, nok straum til 175.000 husstandar. Men det betyr også 1,2 millionar tonn CO2 ut i lufta. Då må det kuttast på andre område, meiner Natur og ungdom.

- Dette gasskraftverket kjem til å sleppe ut like mykje CO2 som 460.000 vanlege personbilar fram til det blir rensa. Me vil i dag distribuere eit humoristisk avskiltingsvarsel til 460.000 biler over heile landet. Når regjeringa tillet desse utslippa, må ein kutta andre stader, seier Lahn.

HØR: Innslag om Kårstø-åpning