Hopp til innhold

Ikea får nei til nytt varehus

Den svenske møbelgiganten får ikkje lov til å byggja eit nytt varehus på ein kornåker i Vestby kommune, har Landbruksdepartementet bestemt.

Her skal Ikea ligge

Ikea ville byggja eit gigantisk varehus med 1000 parkeringsplassar på ein 135.000 kvm. stor kornåker.

Kommunen og grunneigaren av tomta gav grønt lys, men departementet har gripe inn for å redda matjorda.

- Me kan ikkje akseptera at noko av vårt beste landbruksareal ikkje lenger skal brukast til å produsera mat, seier statsråd Trygve Slagsvold Vedum (Sp).