Hopp til innhold

Gullprisen over 1600 dollar

Gullprisen gjekk i natt over 1600 dollar per unse for første gong i historia.

COMMODITIES-GOLD-METALS-PRICE-SRILANKA COMMODITIES-GOLD-METALS-PRICE-SRILANKA

Gullprisen er rekna som ein tryggleik mot gjeldsuroen i EU og i USA.

Foto: SEBASTIAN DERUNGS / AFP

Rekordprisen på $ 1 600,10 for ei unse gull vart nådd i natt.

Hovudårsaka er truleg frykt for ei framtidig gjeldskrise i USA og i Euro-sona.

– Gullet tok ut 1600 dollar denne morgonen. Investorar er prega av frykt for at USA vil mislighalde gjelda si, i tillegg til krisa i Euro-samarbeidet, seier analytikaren Ian O'Sullivan frå Spread Co til nyheitsbyrået AFP.

Gull-rallyet har pågått i 11 samanhengande dagar, og analytikarar trur gullprisen vil fortsetje å stige dersom det ikkje blir ein løysing i gjeldsproblema i EU og i USA.

Aksjemarknaden har gått nedover førre veke etter at Euro-krisa, som allereie har skapt problemar for Hellas, Irland og Portugal, viste teikn til å spreie seg til Italia og Spania.

Før helga annonserte EU at 8 av 91 europeiske bankar strauk i ein såkalla stress-test.