Hopp til innhold

Fryktar blåmåndag og sparer meir

Hushaldningane fryktar økonomisk nedtur og vil spare meir enn på 16 år. Forventningane til norsk økonomi er rekordlåge, viser ei ny undersøking.

Sparegris
Foto: MICHAEL PROBST / AP

Trua på dystre økonomiske utsikter framover øydelegg også handlegleda.

Pessimisme

Aldri har Økonomisk Rapports forventningsbarometer, som blir laga i samarbeid med TNS Gallup og Sparebankforeningen, vist større pessimisme i heimane.

Det vil seie sidan målingane starta for 16 år sidan.

Forventningsindikatoren

Forventningsindikatoren bygger på en intervjuundersøkelse blant ca. 1000 husholdninger om deres vurdering av sin egen og landets økonomi. Tabellen viser differansen mellom prosentandelene som har svart «bedre» og «dårligere» over tid. Minus innebærer at det er flere som svarer «dårligere» enn «bedre» – pluss innebærer det motsatte.

Foto: NRK Grafisk

Desember starta med eit ras i dei økonomiske nøkkeltala.

Frykta for korleis økonomien kjem til å bli, er tilbake, og folk vil heller spare og betale ned på låna enn å kjøpe nytt.

Stuper bratt

Salet av varer, bustader, bilar og hytter stuper brattere enn nokon kunne spå.

Talet på utlyste jobbar innan varehandel, service og tenesteyting går same vegen.

Det viser ein oversikt søkjemotorselskapet rubrikk.no har laga.

No fell også etterspurnaden etter nye tilsatte i olje og gass offshore og maritim industri.

Det er sektoren som i lang tid har halde den norske veksten høgt oppe.