Hopp til innhold

Fleire eldre vil jobbe lenger

Tre av fire over seksti år seier dei vil halde fram med å arbeide etter at dei har nådd pensjonsalderen. Ei ny undersøking syner at nordmenn no kan tenke seg å jobbe lenger enn før.

Åsmund Lunde, Direktør ved Senteret for seniorpolitikk

Direktør ved Senteret for seniorpolitikk, Åsmund Lunde, meiner dagens leiarar må ta inn over seg at fleire eldre ynskjer å jobbe lengre.

Foto: Nedim Dizdarevic / NRK

Det viser ei fersk undersøking som er gjennomført av Synovate på oppdrag frå Senter for Seniorpolitikk.

I gjennomsnitt svarar norske arbeidstakarar at dei kan tenkje seg å gå av med pensjon når dei er 64 år. Det er eitt år meir enn dei svarte hausten 2007, og to år meir enn i åra 2004-2006.

Dei som svarar at de ynskjer å jobbe til dei er 70 år eller meir, har auka fra 6 prosent i 2003 til 14 prosent i dag.

Viktig ressurs

Arbeidstakarar som er over 60 år, seier dei ynskjer å jobbe til dei er 66 år.

- Når du kjem opp i sekstiåra, er det arbeidstakarar i yrke som gjer at det er lett å jobbe, som er igjen i arbeidsstyrken. Det er ganske mange i tyngre yrke som er gått ut før dei er 60 år, påpeikar direktør ved Senteret for seniorpolitikk, Åsmund Lunde.

Lunde meiner at dagens leiarar må ta inn over seg at fleire som nærmar seg pensjonsalderen, ynskjer å jobbe lenger.

- I kraft av sin størrelse blir eldre arbeidstakarar viktigare og viktigare for arbeidslivet og bedriftene. Bedriftene blir i stadig større grad tvinga til å ta omsyn til at arbeidsstyrken blir eldre, og dei må passe på at å få med seg dei eldste så lenge som mogleg.

God miks

Brasserie France er eit lite stykke Frankrike midt i Oslo. Servitørmiljøet er preget av hektisk aktivitet, og her er det ein god miks av unge og godt vaksne servitørar.

Knut Wesenberg, Daglig leder Brasserie France

Knut Wesenberg set pris på at han har fleire som er over 50 år i bedrifta si.

Foto: Nedim Dizdarevic / NRK

Dagleg leiar, Knut Wesenberg, set pris på at han har fleire som er over 50 år i bedrifta.

- Fyrst og fremst er det ein styrke å ha eldre arbeidstakarar med tanke på opplæring og stabilitet i bedrifta. Miksen av gamle og unge er med på å skape ein god dynamikk, seier Wesenberg.

Ulik erfaring

54 år gamle Bo Lund har jobba som servitør på Brasserie France i 29 år. Han trivst veldig godt med å jobbe saman med yngre kollegaer.

- Vi får mange spørsmål, og ulike situasjonar må taklast på ulike måtar. Ynge gjester vil ha ein type vin, eldre menneske vil ha ein annan type, og då kjem det godt med å ha erfaring med så mange år i bransjen, seier han.

Åsmund Lunde påpeikar det ikkje er eit mål å fylle arbeidslivet vårt med eldre arbeidstakarar.

- Vi meiner det er best med ein god alderssamansetjing. Men eldre har ein type erfaring som yngre ikkje kan ha. Denne erfaringa er ofte viktig i arbeidssamanheng, meiner han.

Arbeidstakarar under 30 år som svarer at de kan tenkje seg å halde fram i arbeidet etter at dei får rett til pensjon, har auka frå 44% til 69%.