Hopp til innhold

Pessimismen rår blant finanssjefar

Kvar tredje finansdirektør i større norske selskap meiner at den økonomiske krisa vil forverre seg. I fjor var talet på to prosent.

Spain Financial Crisis

Berre på eitt år har pessimismen eksplodert blant norske finanssjefar. Her frå ei gate i Barcelona.

Foto: Emilio Morenatti / Ap

Det kjem fram i ei fersk undersøking gjort av den svenske banken SEB, der 50 norske finansdirektørar har blitt spurt om forventningane sine om marknaden, melder Dagens Næringsliv.

Dette er ein dramatisk auke frå ei tilsvarande undersøking i fjor, då berre to prosent meinte den økonomiske krisa ville bli verre.

Berre vel 15 prosent av dei spurte meiner at me er gjennom det verste, mot 70 prosent i fjor.

Fundamentale problem ikkje løyst

Wilh. Wilhelmsen ASA Resultat Wilh. Wilhelmsen ASA

Nils Petter Dyvik i Wilh. Wilhelmsen forventar redusert global vekst.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Nils Petter Dyvik er øvste sjef for økonomi og finans i reiarlaget Wilhelmsen, og er ein av dei som tykkjer at dei verste konsekvensane av krisa ligg framføre oss.

– At me kom så raskt tilbake etter krisa i 2008 skuldast at styresmaktene kom med tiltak for å stimulere veksten. Dette ga umiddelbare resultat i økonomien, men dei fundamentale problema vart ikkje løyst, seier Dyvik til Dagens Næringsliv.

Dyvik understrekar at gjeldsstituasjonen i Europa førebels ikkje har hatt mykje å seie for reiarlaget, men at dei er førebudd å at dei urolege tidene vil slå inn i Noreg.

Ikkje overraska

Kredittanalytikar i SEB, Henrik Blymke, seier til avisa at han ikkje er overraska etter den dramatiske utviklinga i pessimistisk retning.

– Det skal mykje til at ein ikkje blir negativ til makrobiletet. Fleire og fleire ser for seg store makroøkonomiske problem, seier han.

Blymke trekkjer fram shipping, eigedom og energiretta selskap som dei bransjane der krisa har hatt størst innverknad.