Hopp til innhold

500 misser jobben på REC Herøya

Solenergiselskapet REC legg ned produksjonen også i dei to attverande fabrikkane på Herøya i Porsgrunn. Rundt 500 menneske misser jobben.

Skjebnetime for REC-ansatte
Foto: Fredrik Laland Ekeli / NRK

Avgjerda vart gjort kjend for dei tilsette på eit allmøte ved 19-tida i kveld. Nedlegginga rammar også samrbeidsbedrifta SIC.

Dermed har REC lagt ned all produksjon av solceller her i landet. Selskapet meiner det er for dyrt å produsere her.

Tidlegare har REC lagt ned produksjonen i Glomfjord i Nordland, der 200 tilsette miste jobben.