Hopp til innhold

- Børskrakket er eit faktum

Det er krakk på Oslo Børs, hevdar Kristian Tunaal i DnB Nor Markets. Andre meiner børsnedgangen berre er ein korreksjon

Oslo Børs
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

- Definisjonen på krakk er eit fall på over 20 prosent innanfor ein viss periode, og der er vi no, påpeikar analytikaren.

Les: Verste børsdag på 17 år

Les: Børsen stuper

Les: Verste dager på Oslo Børs

Oslo Børs opplever nok ein dag med blodraude tal. Det er problema i den amerikanske økonomien og frykt for den økonomiske framtida som er årsaka til dei store svingingane på børsane verda over.

- På Oslo Børs har verdiar for rundt 500 milliardar kroner blitt borte sidan årsskiftet, seier Tunaal.

Lågare forbruk

Sjeføkonom Steinar Juel i Nordea trur ikkje at børsfallet får noko særleg å seie for norsk økonomi.

- Kursnivået er ikkje annleis enn i 2006, og den gongen hadde vi det også bra, seier han.

I ein rapport som Nordea la fram i dag, påpeikar banken at det ofte er ruskever internasjonalt medan sola framleis skin i Noreg.

- Det kjem til å bli ein god situasjon også i år, men ikkje like bra som i 2007. Folk vil oppleve at dei har god inntektsvekst, men samtidig byrjar ein å merke gjelda og renteaukingane. Ein vil derfor halde litt igjen på forbruket sitt, meiner Juel.

Tapar på statlege selskap

Heller ikkje Kristian Tunaal i DnB Nor Markets trur at børsfallet påverkar økonomien til folk flest

- Folk må ha ein medviten strategi for korleis dei ynskjer å opptre på børsen. Dersom ein ynskjer å tenke langsiktig, kan det vere lurt å sitje der ein sit, seier han.

I eit lengre perspektiv kan nedgongen merkast dersom realøkonomien vert påverka.

Alle nordmenn er indirekte investorar på børsen gjennom statsdominerte selskap som DnB Nor, Telenor og Statoil Hydro, og i utlandet gjennom oljefondet. Resultatet kan bli lågare avkastning på sikt.

Trygge aksjefond

Det er ingen grunn til å selje aksjefonda som folk eig privat, meiner Tunaal.

- Absolutt ikkje. Børsen har firedobla seg dei siste fem åra. Over tid har avkastninga på aksjar vore betre enn dei aller fleste andre alternativa, seier han.